Karriereprat: Eg blir i byggebransjen!

Skriven 27.07.2020 under Karriereprat, Nyheiter

Marta Hugøy Sandnes (27) prøvde seg for første gong i byggebransjen som sommarvikar i Gravdal Bygg i 2018, så gjekk det slag i slag: Ferdig utdanna byggingeniør gjekk ho inn i ei traineestilling sommaren 2019, og frå 1. mars 2020 vart ho fast tilsett som prosjektleiar.

Eg bestemte meg tidleg for å bli byggingeniør, eg veit ikkje heilt kvifor. Eg likar å ha ei praktisk tilnærming på arbeidet og synest det er spennande med byggeprosjekt. Det er i byggebransjen eg vil vere, det har aldri vore noko alternativ.

Første trainee

Eg var den første traineen i Gravdal Bygg og håpar det blir fleire! Vi treng fleire ingeniørar, jenter og kollegaer på min alder – men eg trivst veldig godt altså, det er mange kjekke karar eg jobbar med.

Å starte som trainee er ein fin måte å komme inn i bransjen. Det blir ein litt mjukare start på arbeidslivet, men læringskurva har likevel vore bratt! No har eg vore trainee i eitt år og har fått fast stilling i Gravdal Bygg. Året som trainee har vore svært lærerikt, eg har fått prøve meg både på prosjektleiing og vore med å rekna på anbod på store prosjekt. No er eg prosjektleiar for tre hus i Gravdalsholten i Førde.

Gode moglegheiter: Sandnes ser lyst på jobbframtida og meiner det er mange jobbmoglegheiter innan byggfag i Sunnfjord og Vestland. Foto: Gravdal

Sunnfjord er topp!

Marta er fødd og oppvaksen på Jølster og har aldri vore freista av å prøve storbylivet.

Eg trivst veldig godt i Førde og Sunnfjord. Eg gjekk både på vidaregåande og på høgskulen her. Det er lettare å gjere seg kjent på ein litt mindre plass, og  det er her eg har vennar og familie. På fritida å er eg  glad i å bruke naturen, vere på stranda eller gå i fjellet. Då får du det ikkje betre enn vi har det her i Sunnfjord!

Som trainee gjekk Marta  rett inn som prosjektingeniør i Piletunet i Parken i Førde, der ho hadde oppsyn med bygginga av opp mot 40 leilegheiter. No er tunet ferdig utbygt og Marta enda opp med å kjøpe ei av leilegheitene. Der bur ho med sambuaren og sonen på ni år.

Kvardagen er travel og det var godt å få fast jobb! Vi har mange spennande prosjekt framover og eg har framleis mykje å lære, men etter kvart har eg lyst til å ta ein master.

Trivast: På fritida likar Sandnes å bruke naturen. Ho seier sjeldan nei til ein fjelltur eller tur på stranda. Foto: Privat

 

Godt med jobbar

Marta ser lyst på jobb-framtida og meiner det er mange jobbmoglegheiter innan byggfag i Sunnfjord og Vestland. Entreprenørselskapa er heile tida på jakt etter gode folk.

Det blir satsa stort, særleg i Førde skal det skje mykje framover. Innan bygg er det fleire store offentlege prosjekt på gang, i tillegg til at det vert bygd mykje bustadar. Som ingeniør er det mange moglegheiter for jobb både i entreprenør- og konsulentselskap.

I Gravdal Bygg har vi heile fem ledige stillingar no, både innan prosjektleiing og på tømrarsida. Vi har store leilegheitsprosjekt som Lindhagen og Studio K43 framfor oss, og i tillegg skal vi bygge omsorgsbustader og ein barnehage. Eg håpar dei ledige jobbane vil lokke flinke og kjekke nye kollegaer til Gravdal, for her skjer det mykje spennande!

Ledige jobbar: Sandnes ser fram til å få fleire flinke kollegaer. Ho håpar mange vil søke på stillingane som no ligger ute. Foto: Gravdal

Her er dei fem stillingane:

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.