Karriereprat: Difor gjer du lurt i å starte karriera di i Sogn og Fjordane

Skriven 03.04.2014 under Karriereprat

Du nærmar deg avslutning av studietida, og eit avgjerande val skal snart takast: Ynskjer du å halde fram med å bu der du er i Bergen, Oslo, Trondheim, Stavanger… eller er du klar for å gi Sogn og Fjordane ein sjanse? 

Etter å ha tilbragt mine siste ti år i Oslo, Trondheim, Bergen, Boston og London, har studenttida gjort meg både vand med og glad i bylivet. Men då eg med mastergraden omsider i sekken skulle ta fatt på arbeidslivet, valde eg av diverse årsaker å satse på Framtidsfylket Sogn og Fjordane.

Det er eg så langt svært nøgd med at eg gjorde. Kvifor det? Her er dei ti største grunnane:

1) Utandørstilbodet

Kanskje det mest forutsigbare punktet, så vi kan like godt ta det med ein gong. Sogn og Fjordane vert vanlegvis promotert med ei betydeleg mengde friluftsfokus, og det er sjølvsagt med god grunn. I fylket finn du gode—ofte fantastiske—høve nesten uansett kva som er din føretrukne utandørsaktivitet: Ski og snøsport av alle tenkelege slag, fjellturar, klatring, surfing, dykking, padling, rafting, brevandring, jakt, fiske, golf, fugletitting; you name it.

2) Tid til å gjere ting du liker

Jo lenger vekk frå byen ein kjem, jo meir distraksjonsfri vert kvardagen. Etter eg flytta hit til fylket har eg generelt mykje betre tid på ettermiddagen til å drive med alle desse tinga eg aldri fann nok tid til under studia—frå styrketrening og uteaktivitetar til gitarspel, låtskriving og eit vidt spenn sære nerdehobbyar. Velfortent sjølvrealisering etter mange år med eksamenslesing og innleveringar.

3) Sjansen til å få nye vener

I studiebyen din har du sjølvsagt mange vener, og skulle du få deg jobb der vil du naturlegvis halde fram med å henge med dine gamle kjente. Men hugsar du kor artig det var då du først vart kjent med dei? Om du flyttar til Sogn og Fjordane får du moglegheita (og vert gjerne nøydd) til å opparbeide deg ein ny venekrets, noko ein aldri vert for gammal til. Om du ikkje kjenner nokon her frå før, kan traineegruppa di vere ein god stad å starte.

4) Kortare jobbsøkarkø

Tru meg: Jobbsøking kan vere ei tidkrevjande, energislukande, demotiverande, tilmed hjerteskjerande affære—langt, langt kjipare enn eksamenar og andre utdanningsrelaterte bekymringar. Nyutdanna, optimistisk og med CVen i handa er du klar for å komme deg ut i jobb; problemet er at du ikkje er aleine om det. Spesielt ikkje i byen, kor konkurransen om stillingane er stor og dei erfarne jobbsøkarane mange. Då er det greitt å kunne vende seg mot Sogn og Fjordane, kor det ganske enkelt ikkje er like mange om beinet.

5) Fortare opp og fram i arbeidslivet

Dette kjempeargumentet vert ofte trekt fram når ein snakkar om karriere i Sogn og Fjordane. Etter at snaut hundre traineear har vore gjennom Framtidsfylkets traineeprogram er tendensen klar og tydeleg: Nyutdanna arbeidstakarar i Sogn og Fjordane får meir ansvar, fleire meiningsfylte oppgåver og stig raskare i gradene enn tilsvarande personar som jobbar i byen.

6) Pengesparande tilvære

Det er ikkje til å komme unna at byen er eit pengesluk. Dyr bustad, dyre utestader og restaurantar, dyrt treningssenter, butikkar, konsertar, busskort, pilskveld, endå ein pilskveld, sushi… Og vips, det var den lønninga. Og så kjem Lånekassebrevet. Så dersom du er ein av dei som går med fornuftige planar om å begrense utgiftene—og til dømes spare til bustad—kan du fort bli glad i det nøkterne småbylivet her.

Benjamin på traineesamling på Harpefossen saman med dei andre traineeane i Sogn og Fjordane. Eit verdifult forum som innflyttar til Sogn og Fjordane, seier han. Foto: Thomas Bickhardt.

7) Framtidsfylkets traineeprogram

Utan så mykje som ei diskré oppmoding frå Framtidsfylket må eg heilt klart inkludere sjølve traineeprogrammet deira på denne lista. Under traineesamlingane har eg fått dele mine jobberfaringar og lært av andre, utvikla personlege eigenskapar gjennom gruppearbeid og andre utfordringar, og ikkje minst hatt det artig med jamnaldra folk i same situasjon som meg. For meg har traineegruppa blitt eit verdifullt forum profesjonelt og ein sjukt bra gjeng sosialt.

8) “Work hard, play hard”-livsstilen

På dette punktet skal eg ta meg fridomen til gå ut i frå at du er litt som meg: Det er viktig for deg å få ein fokusert og framgangsrik start på karriera di, men samstundes ynskjer du ikkje å gje slepp på den livlige og sosiale livsstilen frå studietida. Stemmer det sånn nokon lunde? Denne innstillinga er nemlig mykje av grunnen til at eg liker Sogn og Fjordane. Her får eg lett konsentrert meg om å vere produktiv med jobb og trening i vekene, og så kan eg heller ta den heilt ut med besøk til eller frå byen når det er helg.

9) Ypparleg fylke å etablere seg i

Greitt nok, denne er kanskje ikkje like aktuell for alle. Men for mange av oss som er ferdigutdanna og har bikka godt over på siste halvdel av tjueåra, er ein vaksen og etablert livsstil ikkje nødvendigvis så eviglangt unna. Dersom du er blant dei som står på terskelen til familielivet er Sogn og Fjordane unekteleg eit botnsolid val: Trygt, fredeleg, rimeleg, gode skular, låg kriminalitet og kort veg til alt av dagleglivets nødvendigheiter. (Om din partner ikkje umiddelbart let seg overtale, finn fram denne artikkelen!)

10) Du må jo nesten prøve det før eller seinare

For å bruke eit småflaut omgrep: Her snakkar vi om «YOLO»-prinsippet. Korleis kan du hardnakka hevde at du er eit bymenneske dersom du aldri eigentleg har gitt noko anna eit forsøk?

Det skal jo ikkje skrivast i stein. Du signerer jo ingen kontrakt om å bu her resten av livet. Og om Sogn og Fjordane ikkje fell i smak, er det sjølvsagt berre å flytte vidare. Mange gjer jo det. Men som du ser av argumenta ovanfor, vil det sannsynlegvis komme mykje godt ut av opphaldet ditt her—uansett kor lenge du blir verande.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.