Karriereprat: Det beste av begge verdar

Skriven 31.01.2020 under Karriereprat, Nyheiter, Ukategorisert

I 2014 flytta Oda Holmelid Sandvik frå Førde til Bergen. Ferdig med distriktet, klar for storbylivet. Tre år seinare møtte ho på Mediebruket på Framtidsfylket karrieremesse. Då fekk pipa ein annan lyd.

Då eg fortalte til kjente i Bergen at eg og sambuaren skulle flytte heim att til Førde var reaksjonane delte. Mange viste forståing, men spesielt éin kommentar gjorde meg litt bekymra og nesten tvilande: “Skal du flytte til Førde? Så kjedeleg!”.

Sjølv om eg var ganske sikker i mitt val fekk denne responsen fram ein usikkerhet i meg. Var det traust av meg å flytte tilbake distriktet og ta farvel med det spennande bylivet? Eg hugsa mine eigne tankar då eg flytta ut av Førde, då eg “aldri skulle tilbake”, fordi eg var eit såkalla “bymenneske”. I 2014 flytta eg til Bergen, ferdig med distriktet og klar for livet og byen.

Men så kom eg på kor raskt den tanken hadde snudd. For etter nokre månader i byen såg eg kva eg hadde tatt farvel med. Det var ikkje det at byen var kjip, men eg skjønte kanskje at eg ikkje var det bymennesket eg trudde eg var.

Moglegheiter
Eg budde i Bergen i tre år for å ta ein bachelorgrad i «Nye Medier» ved UiB. Dette er ei allsidig utdanning som ville gi meg mange moglegheiter dersom eg jobba hardt, men eg var skeptisk til arbeidsmarknaden på heimstaden. Trass i at eg vaks opp der visste eg svært lite om kva bedrifter som var i området, og eg hadde mine tvil om å finne noko relevant blant desse.

Eit stykke ut i tredje året deltok eg på Framtidsfylket si karrieremesse for å sjekke høva, og ei heil ny verd opna seg for meg! Eg hadde ingen aning om kor mange spennande stillingar ein kunne finne i Førde, og ein av desse skilte seg spesielt ut. Denne søkte eg på, og eg var så heldig å bli tilsett som trainee i Mediebruket i 2017. Her jobbar eg framleis.

Folk å lære av
Mediebruket er eit webbyrå i Førde der eg jobbar som webrådgjevar. Dette omfattar at eg set opp nettsider for spennande kundar, i tillegg til at eg får hjelpe dei med det dei skulle lure på. Tida i Mediebruket har gitt meg ein heil del verdifull lærdom og erfaring, i tillegg til eit upåklageleg arbeidsmiljø. Eg har sju kollegaer, men fordi vi også er ein del av PEAK Sunnfjord føler eg på mange måtar at eg har fleire enn dette. Her trivst eg godt!

Miljøet her på Peak viser meg mangfaldet i dei karrieremoglegheitene du finn i vårt nærområde. Dette er alle svært spennande bedrifter, og eg føler meg heldig som får lov til å jobbe blant og lære av desse. Med dagens arbeidsmetodar er det ikkje lenger eit behov for å ha same geografisk plassering som dei største aktørane. Så lenge du har internett-tilgang kan du vere kor som helst i verda, og samtidig gjere det bra.

Eit godt miljø for ei karriere
Mitt inntrykk er at mange engstar seg for mangel på karrieremoglegheiter når dei vurderer å flytte til distriktet. Eg ser eit hav av dei! Eit mindre miljø gir deg moglegheit til å bli godt kjend med det, og dersom du ønskjer å få til noko veit du kven du skal snakke med. Eg opplever at miljøet her gir ein høve til å utfordre seg karrieremessig, og eg ser eit miljø som heier på kvarandre.

I tillegg til alt dette får du eit imponerande kulturtilbod og ein bortskjemd nærleik til vakker natur. Etter å ha blitt kjend med heimstaden min på ny har eg for det meste gode ord å kome med.

«Her vil eg bli»
Dei tre siste åra har vore dei mest spennande for meg, og eg kan konkludere med at det på ingen måte er kjedeleg å flytte til Førde. Eg tok det riktige valet for meg. Her vil eg bli!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.