Karriereprat: Ville skape noko i heimkommunen

Skriven 2018-10-17 under Karriereprat, Nyheiter

Tilbodet om å leie utviklinga av AKVAHUB frå Sogn var akkurat det Asbjørn Dyrkorn Løland trengte for å satse.

So bar da jaggu heim att te Hyllestad! Det måtte bli no, slik at vi endå kan sei at «vi flyttar heim til Sogn og Fjordane». Eg hugsar at det for ca 10 år sidan var ein diskusjon på Facebook om korleis ein skulle få ungdomen til å kome heim att til Hyllestad og at alle saman skulle liste opp tre grunnar. Det vart eit voldsomt engasjement og dei tre viktigaste punkta var jobb, sosiale tilbod og at vener og familie også kom attende. På dette tidspunktet var eg student i Bergen, men vi får spole attende litt.

Skaparlysta vaks
Etter vidaregåande skule i Dale vart det utdanning i Bergen i 2003. Der tok eg mastergrad og var ferdig utdanna fiskehelsebiolog i 2010 før eg arbeidde 4 år i EWOS og 3 år i PHARMAQ Analytiq. Desse 7 åra bar preg av å verte kjend med oppdrettsnæringa og besøke mange flotte, små plassar langs kysten. Det er utruleg kjekt å sjå kva effekt ein samfunnsbevisst oppdrettar kan ha på lokalsamfunnet. Samstundes fekk eg enormt lyst til å prøve å skape noko sjølv, og kanskje sjå om det var mogeleg å skape noko på bygda. Mange av dei eg besøkte i jobbsamanheng fekk jo nettopp dette til!

Tok valet
I 2016 fekk eg presentert ideen om AKVAHUB og at dette kunne vere ein arbeidsstad i Hyllestad der eg kunne nytte både utdanninga og jobberfaringa mi. Samstundes såg eg at vennegjengen som vart etablert på Dale VGS tidlegare på 2000-talet også var i rørsle og dukka opp ein etter ein i HAFS-regionen. Sosiale tilbod.. dei kjem vel med at folket kjem heim tenkte eg, og so bestemte vi oss året etterpå for å flytte heim til lille Hyllestad. Faktum er vel at dei sosiale tilboda allereie er der, også på bygda, men du må nesten bu der litt for å oppdage dei.

Moglegheitens stad
I slutten av august i år vart det altså retur og eg såg fram til å kome tettare på dei lokale bedriftene som er engasjert i AKVAHUB, samt gjengen frå vidaregåande. Framover vert det spennande å sjå korleis familien finn seg til rette og korleis livet på bygda vil utarte seg. Sogn og Fjordane slår meg som ein moglegheitenes stad, og om ein ser seg litt rundt så er det fullt mogeleg å bruke kompetansen sin også i dei små bygdene. Dette håpar eg å synleggjere med AKVAHUB, som forhåpentlegvis vil ha behov for ytterlegare kompetanse i tida framover. Vegen til Bergen er kort, og vi vel derfor å behalde distriktskontoret vårt der, midt i den marine klynga på Marineholmen. Då kan vi dra med oss både forskarar og utviklarar ut på bygda og sette dei i sving der det skjer!