Karoline Gullbrå

Skriven 30.09.2018 under Trainee

Utdanning

Har bachelor i markedsføringsledelse frå Handelshøyskolen BI Bergen. Det er ei utdanning med alt i frå økonomiske fag til reine markedsføringsfag.

Traineestilling

Eg er trainee i CrediCare i Førde, innanfor marked og kommunikasjon. Dette innebærer at vi i kundeteamet har eit samla ansvar for all markedsføring, kommunikasjon, og bevaring og utvikling av kundeporteføljen. Arbeidsoppgåvene er forskjellige og varierte. No driv vi blant anna med planlegging av eit årleg arrangement som skal foregå i Oslo neste år. Dette er ein veldig spennande prosess å ta del i. Eg har også allereie fått vore ein del i Oslo og rundt om i Sverige på kundebesøk. Andre arbeidsoppgåver kan vere alt i frå å skrive eit blogginnlegg, til utsending av nyhetsbrev til kunder. Det har i tillegg vert ein ekstra spennande jobbstart ettersom CrediCare har blitt del av eit større konsern, nemleg Melin Group.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte først og fremst fordi både bransjen og stillinga virka interessant. At arbeidsplassen er i Sogn og Fjordane var eit pluss, ettersom eg sjølv er frå fylket. Gjennom traineeprogrammet får eg ein god start på arbeidslivet der ein får tett oppfølging og varierte arbeidsoppgåver. Ein blir også kjent med andre traineear med ulik bransjebakgrunn. Dessutan blir ein kjent med næringslivet og det Sogn og Fjordane har å tilby. Eg trur traineeåret blir både spennande, lærerikt og ikkje minst kjekt.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.