Julia og Marita takka ja til Sogn og Fjordane, karriere og kvilepuls

Skriven 22.02.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Godt inne i traineeåret kan Marita og Julia tilføre mykje nytt på både CV-en og i minneboka.

Begge er trainee i teknologibedrifta Highsoft i Vik, og har før traineeåret er omme fått tilbod om fast jobb. Marita Vindedal er utdanna dataingeniør og tilsett som webutviklar, medan Julia Gomez Vangsnes har utdanning innan leiing og medisin og jobbar med HR og sal.

– Det skumlaste var å tre rett inn i ei bedrift der du ikkje kjenner nokon, og å finne sin plass både jobbmessig og sosialt, seier Marita om den første tida som trainee.

– Og så vil du gjerne prestere frå dag éin, legg Julia til.

Begge kjente seg velkomne frå første dag, og opplevde at dei nye kollegaene var oppriktig interesserte i kven dei var og korleis dei kunne få ein god start i arbeidslivet.

– I Highsoft har vi stort fokus på at vi skal hjelpe og inkludere kvarandre, både fagleg og sosialt. Det gav oss ein trygg start, seier Julia.

Trygg start som trainee

Som nyutdanna er det vanleg å bekymre seg for nye og ukjende arbeidsoppgåver, og om ein klarar å levere.

– Eg var redd dei forventa at eg kunne alt frå første dag. Slik var det heldigvis ikkje. I starten var det ein del å sette seg inn i, men no føler eg at eg meistrar jobbkvardagen bra. Om eg lurer på noko, har eg flinke kollegaer å spørje, seier Marita etter åtte månader i Highsoft.

– Som nytilsett er det typisk å uroe seg for det du ikkje har prøvd før, men til mi store glede fekk eg berre kjekke arbeidsoppgåver. Heldigvis er det stor takhøgde for å spørre etter hjelp i Highsoft. Som trainee får du også ein mentor i bedrifta som følgjer deg opp, og det gjorde at overgangen ikkje vart så overveldande, forklarar Julia.

Kvilepulsen dukka opp i Sogn og Fjordane

Godt inne i traineeåret kan dei tilføre mykje nytt både på CV-en og i minneboka. Som del av Framtidsfylkets traineeprogram får du ikkje berre ein god start på karrieren, men også nye venner gjennom samlingar med dei andre traineane i kullet.

– Eg har lært mykje, både fagleg, praktisk og om samarbeid. I tillegg har eg gjennom traineesamlingane fått ein ny stor vennegjeng spreidd utover fylket. Personleg har eg nok lært meg å slappe meir av og blitt betre på å skilje jobb og fritid. Kvilepulsen dukka opp i Sogn og Fjordane, seier Marita, som har budd fleire år i Bergen.

– I tillegg til fagleg og personleg utvikling har eg dette året fått mange nye venner, og eg sit igjen med opplevingar eg ikkje ville vore forutan, kan Julia tilføye.

Og på spørsmål om kva opplevingar som sit igjen, nemner begge ein pizzamiddag på Tuftegarden i Viksdalen. I tillegg til mykje anna.

– RIB-turen i Måløy, og å oppdage at Måløy er kult! Det faglege innhaldet, med til dømes relasjonskompetanse og bedriftsbesøk, har også vore utruleg spennande, seier Marita.

Bergensaren Julia har oppdaga nye sider ved Sogn og Fjordane.

– Vi har besøkt utruleg mange spennande og innovative bedrifter i fylket, og eg er positivt overraska over kor stort potensiale Sogn og Fjordane har. Når det kjem til det sosiale er gode samtalar i boblebadet på Tuftegarden definitivt dei finaste minna eg har frå samlingane.

Ja!

Begge var raske med å svare ja då dei fekk tilbod om fast jobb.

– Eg svarte ja med ein gong! Etter å ha jobba her i eit halvt år, har eg innsett at eg ikkje har noko behov for å flytte tilbake til byen, kan Marita fortelje.

Også Julia blir i Vik.

– Eg trivst utruleg godt her og har fått betydelege ansvarsområde og faglege utfordringar. Ein sånn sjanse måtte eg nok ha venta lenge på i Bergen, så eg kunne ikkje vore lukkelegare. Traineeprogrammet opnar mange dører for framtida. Om ein er usikker på kva ein vil bli “når ein blir stor”, er dette ein god sjanse til å få innsikt i arbeidslivet og knytte gode relasjonar, avsluttar Julia.

Her kan du sjå traineestillingane for 2019/2020. Hugs søknadsfrist 1. mars.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.