Journalistpraktikant, jurist eller teiknspråktolk?

Skriven 26.03.2019 under Nyheiter

Dette skjer på jobbfronten i Sogn og Fjordane i mars.

Har du ei journalistspire i magen? På seks månader kan du lære det journalistiske handverket i Nynorsk avissenter og utvide jobbmoglegheitene på rekordtid. Søknadsfrist på dei fem praktikantstillingane er 15. april. Gå inn på heimesida til Nynorsk avvissenter for å søke.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og ser no etter ein Jurist til juridisk avdeling. Stillinga omfattar to roller – rolla som personvernombod og rolla som juridisk rådgjevar for banken med dotterselskap. Søknadsfrist 10. april.

Aurland kommune har ledig ei 100% fast stilling som Ingeniør ved teknisk eining. Om du har lyst på ein spennande arbeidsplass der du får påverke utviklinga i Aurland kommune, skal du legge inn ein søknad før 12. april.

Norconsult har kontor i Førde, Sogndal og Årdal og har for tida stor oppdragsmengde. Dei har lyst ut tre ledige stillingar:

Hugs å søke før 10. april.

Høgskulen på Vestlandet har lyst ut fire stillingar:

Vågsøy kommune har ledig tre faste 100% stillingar som Teiknspråktolk. Dei treng utdanna teiknspråktolkar som skal inngå i eit tolketeam på Skavøypoll skule/Vågsøy ungdomsskule med til saman fire tolkar.

Askvoll kommune lyser ut stillinga som Rektor ved Bulandet skule. Ein times ferjetur frå Askvoll finn du øysamfunnet Bulandet, og her kan du no altså bli rektor for omlag 50 elevar og 12 tilsette.

Ikkje det du såg etter? Sjå alle våre ledige stillingar her.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.