Jobb, topptur og surfing på same dag

Skriven 08.05.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Kvifor ikkje bu og jobbe i ein kommune som har nesten alt av tilbod for deg? Kanskje er Stad kommune både din nye bustad og arbeidsgjevar.

Kommunen har nemleg fleire stillingar ute i jobbportalen vår. Kanskje er det noko som passar deg eller nokon du kjenner?

 

Stad for einkvar

Den langstrakte kommunen i Nordfjord er verkeleg ein kommune for dei fleste. Der fleire kommunar fører ein bevisst sentraliserande løysing, ønskjer Stad å byggje opp bygdene i kommunen. Dei trossar Ivar Aasen sine formaningar i “til lags åt alle kan ingen gjera”, og vil skape ein kommune kor alle kan trivast.

Ved å skape tilbod både innan natur, kultur, aktivitet, bu, det urbane og tenester, meiner dei å kunne tilby ei pakke som kan passe for alle og einkvar. 

 

Les også: Karriereprat: Frå Etiopia til Stryn

 

På jakt etter bølgjer eller pudder?

Bebuarane i Vestland fylke sin nordlegaste kommune, kan nyte det beste av fjord, fjell, strender, innsjøar og hav. Dette gjer fylket til eit av dei mest attraktive for dei som ønskjer å nyte naturen rett utanfor dørstokken sin. Uavhengig av om det er ski, kajakk, ein enkel fottur, topptur, eller utforsking av surfeparadis i kommunen, vil ein kunne finne noko for ein kvar smak. Kanskje frister ein tur til Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet.

Fersk undersøking med gode resultat

I ein rykande fersk rapport, kan Stad slå fast at dei har betre buattraktivitet enn tidlegare.

– Dette vil seie at vi har tiltrekt oss fleire bebuarar enn prognosa tilseier. Dette er ein trend vi ønskjer å fortsette med. For å gjere det, må vi kunne tilby det som forventast både offentleg og privat av tilbod. Vi vil stadig bli betre, utvikle oss og sjå trendar. Alt for å skape trivsel og gjere kommunen til ein kjekk stad. Her har ein alt i ein fjord, seier Kathrine Dahl, kommunalsjef – kultur og samfunn. 

Viser veg innan miljø og klima

Ifølgje den konstituerte leiaren innan lokal samfunnsutvikling i kommunen, Hanne Marie Utvær, ønskjer dei å vere ein framgangskommune innan samskaping, miljø og klima. 

– Innan samferdsel, transport og miljø vil vi støtte opp under Vestland fylkeskommune sitt uttalte mål om nullutslepp. Vi vil vere ein vegvisar for andre, seier Utvær.

Ein vestlandsk kulturmetropol

Om ikkje det hårete målet for nullutslepp er nådd endå, kan innbyggjarane i Stad flagge med stoltheiter som allereie eksisterer. Klosteret på Selje og legenda om sta. Sunniva, er velkjent langt utanfor fylkesgrensene i Vestland. Kulturen står sterkt i kommunen, og dei ønskjer å verne den på best mogleg måte. Operaen på Nordfjordeid har 22 sesongar bak seg, og kan vise til produksjonar av høg kvalitet.

Musikkfestivalen, Malakoff, har fått ein høg profil blant landets festivalar. Med over 20. 000 besøkande kvar sommar, verdskjente artistar og fantastisk stemning, er festivalen blitt eit årleg høgdepunkt for mange.

Les også: Kvifor heiter ikkje alt berre Nordfjordeid?

Køfri kvardag

Utvær leggjer til ein personleg glede i det å bu i Stad kommune. Ho har ingen kø til jobb i trafikken. Det er ikkje lang pendlartid til dit ein skal, og skulle ein vere så uheldig å ha ein halvtime-tre kvarter i pendleavstand, har ein i det minste natur i verdsklasse å køyre gjennom.

Desse stillingane er no opne for søknadar

Ikkje noko her for deg? Sjekk ut andre stillingar i jobbportalen vår, med jobbar både i Stad kommune og i resten av Vestland.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.