Januarjobbar i Sogn og Fjordane

Skriven 11.01.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Variert og spennande arbeidsmarknad i Sogn og Fjordane i januar. Sjekk ut vekas stillingar!

Vi startar med ein sjeldan sjanse som har dukka opp innan marknadsføring. Kommunikasjonsbyrået Rein Design har kontor både i Førde og Florø, og ser no etter ein Digital marknadsførar. Blir du yr av Google Analytics og mo i knea av Google Adwords? Lyst til å skape og styre marknadsføring til spennande bedrifter? Då må du hugse å søke før 31. januar.

INC Gruppen består av 13 ulike bedrifter innanfor eit breitt spekter av tenester og marknader. Hovudtyngda er knytt til oljeforsyningsbasen Fjord Base i Florø. Dei har publisert ei lang og variert liste med ledige stillingar, og ser blant anna etter ingeniørar, prosjektkoordinator, røyrdeggar, arbeidsleiar, maskinfører, lærling, formann og fleire. Alle dei ledige stillingane er publisert her. 

Kunne du tenke deg å forske på korleis løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Vestlandsforsking er eit regionalt forskingsinstitutt lokalisert i Fosshaugane Campus i Sogndal, og no treng dei to forskarar innan klimatilpassing og klimaomstilling. Dei søker også etter ein Trainee innan klimatilpassing. 

TINE Meieriet Byrkjelo har lyst ut tre stillingar:

Aksello er eit næringsutviklingsselskap i Florø med mål om å skape og sikre arbeidsplassar gjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv. No ser dei etter Rådgjevar innan kommunal næringsutvikling. Dei oppfordrar deg som har eit heva blikk og kan sjå nye moglegheiter til å søke!

I Sparebanken Sogn og Fjordane har dei ledig vikariat som Kommunikasjonsrådgjevar. Ei spennande og utfordrande stilling for deg som likar å formidle. Dei har også ledig stilling som Kunderådgjevar og Trainee.

Nlink har to rykande ferske stillingar. Om du vil jobbe i eit teknologiselskap med ekspertise på utvikling av robotiserte løysingar for bygg- og anleggsbransjen, kan du søke på stillinga som Prosjektleiar, Programmerarar/Utviklarareller Dagleig leiar.

Fleire ledige stillingar i Sogn og Fjordane finn du HER.

Nyutdanna og lyst til å delta i Norges største regionale traineeprogram? Vi har lansert 34 spennande traineestillingar i Sogn og Fjordane! 

Møt din framtidige arbeidsgjevar på Framtidsfylket karrieremesse

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.