Jan Erik Silden

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Eg heiter Jan Erik og er ein 25 år gammal mann frå Måløy. Eg gjekk Tekniske og Allmenne Fag (TAF) på vidaregåande og tok fagbrev som industrimekaniker. Etter vidaregåande begynte eg å studere Bachelor i Økonomi og Administrasjon på BI Bergen. I løpet av bacheloren var eg på utveksling eit semester til Singapore. Dette opphaldet gav meirsmak, så eg valde å ta ein master der eg kunne dra på to utvekslingar i løpet av studietida. Masterprogrammet eg gjekk heiter Quantitative Techniques for Economics & Management (QTEM). Eg hadde BI Oslo som heimeuniversitet, og var på utveksling til EDHEC i Nice og LUISS i Roma i løpet av masteren. På fritida likar eg å spele innebandy, volleyball og fotball.

I kva bedrift er du tilsett?
Eg er trainee innan revisjon og rådgjeving hos Deloitte i Florø. Der skal eg i hovudsak jobbe med revisjon av små og store selskap i Sogn og Fjordane.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Eg fekk eit positivt inntrykk av Deloitte gjennom Master Merit Society på BI, der Deloitte er selskapspartner. Då eg såg at Deloitte søkte trainee til kontoret i Florø var eg rask med å sende inn søknad. Etter eit par hyggelige intervju fikk eg inntrykk av at Deloitte er eit faglig sterkt selskap som er leiande innenfor bransjen i Sogn og Fjordane. Det var derfor lett å takke ja når eg fikk jobbtilbod hos Deloitte i Florø.

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
På G.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.