No startar gründerjakta 2018!

Skriven 2018-08-29 under Årets Gründer, Nyheiter, Ukategorisert

Veit du om nokon, eller kanskje du sjølv har ei gründerspire i magen?

For sjuande år på rad søker vi kandidatar til Årets Gründer i Sogn og Fjordane. Veit du om nokon, eller kanskje du sjølv har ei gründerspire i magen? Frist for å melde inn kandidatar er 7. september.

– Målet med prisen er å stimulere til innovasjon og nytenking i Sogn og Fjordane. Det har vore tøffe tider for fleire bransjar, og no ser ein fleire nye spennnande prosjekt som dukkar opp som følge av nedgangstidene. Vi håpar at dette vil vise igjen i søknadane i år, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Vinnaren får 100 000 kroner
2. november skal «Årets Gründer 2018» kårast i Sogn og Fjordane der vinnaren får med seg 100 000 kroner til nyskapinga si. Utdelinga skjer under Temposeminaret i Florø, og er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Fram til søknadsfristen kan alle som vil nominere aktuelle kandidatar. Send dine forslag til: post@sparebankstiftinga.no

– Det er eit viktig samfunnsansvar for oss å vere med å styrke lokalt næringsliv. Å kunne dele ut ein slik pris, er svært spennande for oss, og vi håpar det bidreg til inspirasjon og skaparglede, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Publikum får bestemme
Etter søknadsfristen vil juryen plukke ut finalistane, som alle vert presentert den 8. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt, før vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 2. november.

Vilkår for å delta i konkurransen:

  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket.
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé, som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
  • Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet.
  • Ideen/prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil kunne slå ut positivt uti kåringa.
  • Verksemda må vere stifta for mindre enn 5 år sidan, ev. må forretningsideen vere utvikla for mindre enn 5 år sidan.

Frist for å sende inn forslag på kandidatar er FREDAG 7. september.
Send dine forslag til post@sparebankstiftinga.no

Tidlegare vinnarar:
Highsoft (2012), Melin Medical (2013), Intempo (2014) og GRS Riflestocks (2015), nLink (2016) og Loen Skylift (2017).

Juryen består i år av: Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar hos Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.