Innhaldsrike solskinsdagar i Brussel

Skriven 24.05.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

I ei veke i slutten av april var 26 traineear frå Framtidsfylket så heldige å oppleve Brussel frå si beste side. Hovudstaden til EU leverte fagleg, kulturelt og sosialt.

Skrive av Bård Henjum, trainee i Lotteri- og Stiftelsestilsynet

Sidan starten av traineeprogrammet har Brussel-turen vore gulrota som vi alle har gledd oss til. Det stod difor mange håpefulle traineear på Brussels Train Station denne varme måndagen i april. Første dagen gjekk med til å innlosjere oss i leilegheiter, finne nærmaste italienske pizzarestaurant, før vi fekk eit innblikk i EU si historie på besøkssenteret Parlamentarium. Dagens lærdom var at det no er 28 medlemar i EU, og at italienske servitørar stressar veldig når det kjem ein haug med svoltne nordmenn.

Fagleg påfyll
Eit av måla med turen til Brussel var at vi skulle bli betre kjent med EU. Tysdagen besøkte vi difor EU-kommisjonen, der vi lærte om Noregs relasjon til EU, og den digitale indre marknaden i Europa. Vi var også innom det europeiske frihandelsforbundet (EFTA) sitt kontor for å få eit innblikk i konsekvensane Brexit vil få for Norge og EØS.

På onsdag var det sjømatmesse og lansering av Coast sin nye merkevareplattform. Sjølv om dei fleste av oss ikkje jobbar innan fiskeribransjen, var det særs mykje på messa vi kunne relatera til eigne fagfelt. Den siste dagen besøkte vi Vest-Norges Brusselkontor, der miljø og klima var på menyen. Interessante og reflekterande føredrag frå Bellona og Hege Rooth Olbergsveen i miljørådet til EU, resulterte mellom anna i ein god diskusjon om framtida for plasthandtering.

Samhald
For å fordøye det faglege er det viktig å ha kulturelle og sosiale innslag. Fellesmiddagar med mykje latter og gode historier, ølmuseum med Brussels mest filosofiske person som guide og obligatorisk besøk til karaokebar er berre nokre av ingrediensane som gjorde turen fantastisk. I tillegg hadde Framtidsfylket gjort ein avtale med vêrgudane denne veka, slik at det ikkje var ei sky å sjå på himmelen.

Ein kan seie at turen til Brussel oppsummerer traineeopplegget til Framtidsfylket. Variert fagleg innhald som ein kan relatera til sitt fagfelt, men også eit særs god samhald mellom traineeane. Det er særleg det siste som er unikt. Vi bygger eit stort fagleg og sosialt nettverk på tvers av fagområda våre, og knyter relasjonar som kjem til å vare livet ut. Neste års reunion er allereie i planlagt.

Takk for turen!