Ingunn Bentås Hofland

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Eg heite Ingunn Bentås Hofland, er 23 år gammal og kjem frå Folkestad i Fjaler. Har tatt bachelor i økonomi og administrasjon i Sogndal, og i fjor tok eg eit årsstudium i pedagogikk på universitetet i Bergen. På fritida er eg glad i å gå på fjellet, trene (sjølv om eg ikkje er heilt i gang med det i Førde endå) og å vere sosial.

I kva bedrift er du tilsett?
Eg er Trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane, i Førde. Så eg bur difor i Førde no.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Eg har alltid hatt lyst å jobbe i SSF, så når traineestillinga der vart lyst ut var det jo ingen tvil om at eg skulle søke. Banken alltid vore veldig synlig i fylket og vore med på å støtte utrulig mykje her, så eg såg det som ei verksemd eg kunne vere litt stolt av å vere ein del av. I tillegg hadde eg inntrykk av at arbeidsmiljøet der var veldig godt – noko eg no har fått bekrefta.

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
Ehh har ikkje så mange fun facts å komme med egentlig.. kanskje det at eg MÅ ha volumet på TVen på ein heil eller halv tier(5-10-15-…)?

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.