Hjelp oss å fylle Larris Scene!

Skriven 2018-10-18 under Nyheiter

Bli med på minikonsert, fotosession, gratis lunsj og Kahoot-quiz med feite premiar! 

Laurdag skal vi ta årets kampanjefoto for Framtidsfylket og vi treng difor ein haug med statistar.

Møt opp på Larris Scene ved Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, og bli med på moroa! 

Vi treng personar mellom 18 og 35 år som skal stå i bakgrunnen på årets kampanjefoto. Medan vår ekstremt flinke fotograf knipsar i veg, vert du underholdt av flinke folk på scena. Det er berre ryggen din som vert fotografert, så det er ingenting å vere redd for.

Etter fotograferinga vert det gratis lunsj til alle. Til slutt køyrer quizmaster Sanne Slåtten ein spenstig kahoot-quiz med tema «nært og kjært i trivselsfylket». Det er med andre ord smart å stille med fullada telefon! Kjekke premiar til dei seks beste.

Program:

Kl. 11: konsert og fotografering

Kl. 12: Gratis lunsj

Kl. 12.30: Kahoot-quiz

Sjå lenke og trykk «deltek» på Facebook-arrangementet slik at vi får oversikt over kor mange som kjem.

Ta gjerne med deg ein venn eller ti. Vi sjåast der!