Her er vår nye styreleiar!

Skriven 13.11.2018 under Nyheiter

Nandor Helgheim tek over etter Leon Bakkebø som styreleiar i Framtidsfylket. Inn kjem også Johanne Viken Sandnes.

Framtidsfylket har fornya seg på fleire punkt siste året med nye tilsette, nye styremedlemer og større trykk på kommunikasjon.

– Vi ser framover og jobbar aktivt med å posisjonere oss inn mot nye Vestland. Nandor Helgheim er kunnskapsrik, kjenner næringslivet i fylket og har mange friske tankar om korleis vi kan utvikle oss. Vi trur vår nye styreleiar kan hjelpe oss med å finne vår rolle i regionsreforma. Det er også eit stort pluss å ha leiar for marknad og kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane, Johanne Viken Sandnes, med på laget. Ho er ung og engasjert med sterke meiningar, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Nandor Helgheim er dagleg leiar i Enivest og gler seg til den viktige jobben med å rekruttere unge, nyutdanna til næringslivet i Sogn og Fjordane.

– I vår region er det ekstra viktig å vere aktive i dette arbeidet. Akkurat no skjer det store positive endringsprosessar knytt til teknologi i fleire etablerte verksemder, samtidig som det veks fram nye, spennande miljø. Framtidsfylket har ei viktig rolle i å synleggjere alle dei attraktive arbeidsplassar og karrieremoglegheitene som er her.

Helgheim meiner trainee-ordninga til Framtidsfylket er spesielt viktig å vidareføre, men vil også sjå nye satsingar

– Trainee-ordninga har vore ein suksess, og vi er no oppe i mellom 25 – 30 unge, nyutdanna som kvart år får prøve seg i attraktive bedrifter i Sogn og Fjordane, tett oppfølgt av Framtidsfylket. Nye satsingar er blant anna å vidareutdanne leiarar og å nå endå yngre målgrupper. Vi ser også behov for målretta arbeid med å hente inn spisskompetanse til ulike fagfelt. Sist, men ikkje minst, er det no viktig å finne våre framtid og rolle i nye Vestland, og det er vi i gang med.

Helgheim synest det er givande å bidra med noko til fellesskapet.

– Alt som har med å leggje grunnlag for utvikling, arbeidsplassar og vekst opptar meg. Framtidsfylket gjer ein viktig jobb, og der ønsker eg å gjere eit bidrag. Hovudårsaka til at eg takka ja til jobben kan plasserast på konto for engasjement, dugnadsand og ønsket om å bidra.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.