Her er programmet for karrieremesser 2019!

Skriven 12.12.2018 under Nyheiter

Fem dyktige, men ulike, føredragshaldarar gjer at vi kan love eit fengande, variert og godt program til karrieremesse 2019.

I år som i fjor har vi utfordra interessante menneske frå Sogn og Fjordane til å stå på scena under karrieremessene. Dei får ti minutt kvar til å formidle sitt viktigaste bodskap – og du vil garantert lytte. Sjå berre her:

Trine Lerum Hjellhaug er rå på leiarskap og fjerde generasjon i familiebedrifta Lerum. Ho er kjent for bodskapet «å slå den målgivande pasningen, slik at dei tilsette kan skåre».

«Eg skal aldri bu i Sogn og Fjordane» sa austlendingen og livsstilsbloggaren Marthe Holien Bø. I dag bur ho i Stryn og ligg på toppseljarlistene med boka si «Kyss hverdagen».

Eigedomsmeklar Pål Anders Kårstad utfordrar sin eigen bransje med grunderbedrifta Webmegling. I dag skapar han framtidas eigedomsmekling frå Bygstad og New York.

Sindre Kvalheim er IT-gründer og administrerande direktør i Local Host – selskapet som Lefdal Mine datasenter vaks ut i frå. Han er rå på scena og snakkar om entreprenørskap og teknologi.

Juristen Lise Solheim hadde aldri før vore i Sogn og Fjordane då ho søkte på traineestillinga hos Melin Medical. Ho fortel korleis det er som nyutdanna å gå rett inn i ei krevjande, men lærerik og kjekk traineestilling – i eit ukjent fylke.

Kan han bli den neste KYGO? skriv media om DJ og produsent SJUR frå Sandane. Over 100 millionar strøymingar på Spotify garanterer for at det blir god stemning frå DJ-en under karrieremessene i Bergen og Trondheim.

Meld deg på allereie no!

Nyutdanna, på jobbjakt eller rett og slett berre nysgjerrig på kva Sogn og Fjordane har å by på? Velkommen til Framtidsfylket Karrieremesser!
Trykk her for å melde deg på! 

Bedrift og på jakt etter flinke folk? Møt dei på Framtidsfylket Karrieremesser!
Trykk her for å melde bedrifta di på!

Familiedag med Sparebanken Sogn og Fjordane på Oslo-messa

Sparebanken Sogn og Fjordane sin spareekspert, Gunnar Heggheim, kjem til Oslo. Han vil fortelje korleis du kan legge opp sparing og investering for å få mest mogleg å rutte med seinare i livet. I tillegg får du vite litt om andre ting som banken kan gjere for at nettopp ditt liv skal bli enklare. Medan du får ei innføring i langsiktig sparing, er Kongleriket på plass med aktivitetar for dei yngste. Nokre av dyra frå Kongleriket kjem også! Påmelding til banken her: https://www.anpdm.com/public/event/RegistrationForm/4243514A75454350407440

Karrieremessa i Oslo
Dato: 26. januar
Stad: Teknisk Museum
Klokka: 10.30 – 14:00

Karrieremessa i Trondheim
Dato: 31. januar
Stad: Scandic Lerkendal
Klokka: 17.30 – 21.00

Karrieremessa i Bergen
Dato: 13. februar
Stad: Grieghallen
Klokka: 17.30 – 21.00

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.