Hei Bergen!

Skriven 13.10.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Tysdag går Karrieredagen 2019 av stabelen, og Framtidsfylket er sjølvsagt på plass.

Om du er oppteken av miljø, innovasjon og nytenking, bør du ta ein ekstra kikk på det næringslivet i Sogn og Fjordane har å by på. Visste du for eksempel at radiokanalar i fleire land brukar DAB-teknologi frå Paneda i Selje? At Brødrene Aa i vesle Hyen har laga verdas første heilelektriske båt? At Rocketfarm i Sogndal utviklar programvare for robotar? Eller at Lefdal Mine, som er eit Europas største og grønaste datasenter, ligg i Nordfjord?

Kom innom standen vår i Grieghallen og høyr meir!

Kanskje har du fleire spørsmål du lurer på? Kanskje er du litt nysgjerrig på kva som skjer med Framtidsfylket når Sogn og Fjordane og Hordaland skal slå seg saman i 2020? Kva som skjer med traineeordninga vår, som er den største regionale i Norge?

Kanskje er du interessert i sommarjobb? I jobb til partnaren din? Eller du rett og slett lurer på kvifor folk diggar å bu i Sogn og Fjordane? Kva fjelltopp som er den beste i fylket? Kva skitrekk ein bør satse på til vinteren?

Eller kanskje du berre er supergira på å vinne eit festivalpass til Malakoff-festivalen 2020?

Vi gjentar oss sjølv: kom innom standen vår!

Praktisk info: 

Kvar: Grieghallen, Bergen
Dato: 15. oktober
Kl: 10.00 – 15.00

Meir informasjon om arrangementet finn du her. 

Vi sjåast!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.