Har lært opp 150 nynorsk-praktikantar og søkjer fleire

Skriven 29.03.2019 under Nyheiter

I år har NRK Nynorsk mediesenter vore i drift i 15 år og tilsett 150 nynorskpraktikantar. No søkjer dei etter fem praktikantar til kull 31 – for framleis er det behov for fleire nynorskbrukarar i media.

– Det er ein liten milepel at vi no har kull 30 i hus, seier Magni Øvrebotten.

Ho er leiar for NRK Nynorsk mediesenter, som sidan 2004 har drive med opplæring av nynorskpraktikantar i NRK. Målet er å lære opp nynorskbrukande journalistar for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.

Vel 57 prosent av praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter har no arbeid i media. 39 prosent er i NRK, og dei fordeler seg nokså likt mellom distrikts- og riksredaksjonane. 14 prosent arbeider i aviser og på ulike nettstader. Fire prosent jobbar i andre media som TV 2, Radio 1 og som frilansarar.

Framleis behov for nynorskbrukande journalistar

– Jamt over må vi vere nøgde med tala våre når så mange har vore gjennom opplæringa. Men vi veit om litt for mange som òg kunne vore i media, om dei hadde vore på rett plass til rett tid, og dersom det vart prioritert å tilsette nynorskbrukarar, seier Øvrebotten. 19 prosent av dei 150 tidlegare nynorskpraktikantane arbeider med språk og informasjon.

Øvrebotten er overtydd om at det framleis er behov for å lære opp nynorskbrukande journalistar.

– Vi har ingen planar om å gi oss med denne opplæringa. Skal NRK ligge jamt på minst 25 prosent nynorsk, som Stortinget seier at vi skal, må leiarane sjå på det som ein ekstra kvalifikasjon å vere nynorskbrukar og tilsette slike, seier Øvrebotten.

Søkjer fem praktikantar

No søkjer NRK Nynorsk mediesenter etter fem praktikantar til kull 31.

– Vi ynskjer oss nynorskbrukande søkjarar frå heile landet, som vil bli journalistar. Sidan nynorsken er mest brukt på Vestlandet er det naturleg nok flest søkjarar frå dei fire Vestlandsfylka. Men for oss er det viktig å medverke til at dialektar frå både nord-, midt-, sør- og aust-Noreg samlar seg i nynorsken. Då aukar vi mangfaldet i NRK, seier Magni Øvrebotten.

Les meir om dei ledige praktikantstillingane her. Søknadsfrist 15. april

Her finn du informasjon om Nynorsk avissenter sine praktikantstillingar

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.