Har du registert CV-en din hos oss?

Skriven 2018-08-15 under Nyheiter, Ukategorisert

Då er sjansen større for å kapre draumejobben!

Visste du at over 200 bedrifter i Sogn og Fjordane har profil hos oss? Desse bedriftene har også tilgang til å sjå nettopp din CV. Du må med andre ord ikkje vere aktiv jobbsøkjar for at dei skal finne deg.

Næringslivet i Sogn og Fjordane brukar CV-databasen aktivt og får varsel når det blir etablert nye CV-ar innan ønska kompetansefelt. Du kan også motta varsling når det kjem ei ledig stilling innan ditt kompetansefelt. Ein skikkeleg vinn-vinn-situasjon.

Husk at det alltid er positivt med ein oppdatert CV!

For å registrere CV-en din hos oss må du ha ein brukar. Klikk her for å opprette brukar.

Klikk her for å registrere eller oppdatere CV-en din. 

Sjekk også ut fem kjappe om GDPR i Framtidsfylket for å lese om kor opplysningane dine vert lagra og kva dei vert brukt til.