Han lyser ut (ein av) fylkets mest spennande jobbar

Skriven 05.06.2020 under Nyheiter

Som om at Sogndal kommune ikkje var attraktivt i seg sjølv? No kan du jobbe fulltid med å utvikle den populære kommunen.

Joakim Systaddal er tenesteleiar for nærings- og samfunnsutviklingsarbeidet i Sogndal kommune. Han har sidan nyttår hatt ansvar for å bygge opp og utvikle denne spennande eininga, og no lyser han også ut ein av fylkets mest spennande jobbar: Samfunnsutviklar i Sogndal kommune. Den som får den nyoppretta stillinga skal blant anna bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.

– Sogndal kommune vedtok i 2020 ein strategisk plan som set retning for nærings- og samfunnsutviklingsarbeidet. Eitt av dei tre satsingsområda er ei berekraftig samfunnsutvikling, som betyr å jobbe saman med lokalsamfunna for å legge til rette for meir trivsel, utvikling og vekst. Sogndal er rik på lag og organisasjonar og eldsjeler som står på for lokalsamfunna sine. Samfunnsutviklaren skal vere deira viktigaste medspelar frå kommunen si side, forklarar Systaddal.

No ser han etter eit inspirerande vesen .

– Draumekandidaten er brennande engasjert i å skape gode lokalsamfunn, glad i å jobbe saman med folk og har eit inspirerande vesen.

Kan velje oppmøte- og kontorstad sjølv

Frå 1. januar 2020 har Leikanger, Balestrand og Sogndal vore éin kommune. Det betyr at den som får stillinga kan velje fritt når det kjem til arbeidsstad.

– Sogndal kommune har tre kommunehus, og samfunnsutviklaren kan velje oppmøte- og kontorstad sjølv. Heile eininga jobbar veldig utadretta, og mykje av arbeidet skjer utanfor kontoret. I tillegg vil ein jobbe i prosjekt og på lag med andre, som krev at ein er på plass der det skjer.

Populært og passeleg urbant

– Kommunen har hatt stor vekst i folketal dei seinare åra. Kva trur du er grunnen til  veksten?

– Sogndal har satsa på innbyggjarane sin livskvalitet. Mange vel Sogndal fordi dei har tilgang på spektakulær natur heile året, det er passeleg urbant, god tilgang på bustad og gode kommunale tenester som skule og barnehage.

Han meiner god samfunnsutvikling er avgjerande for bulyst, og at dette er noko kommunen legg vekt på.

– Vår ambisjon er at andre kommunar i framtida kjem til oss for å lære korleis ein kan lukkast med god samfunnsutvikling.

Aktivt: Sogndal kommune har blant anna eit stort og godt klatremiljø. Her frå klatreveggen i Sognehallen.

Derfor skal du søke

Systaddal brukar ikkje lange tida på å liste opp tre knallgode grunnar til å søke på jobben:

  1. Du får vere med å skape noko som betyr mykje for mange.
  2. Du blir ein del av eit spennande lag som har det kjekt på jobb.
  3. Du får treffe utruleg mange flinke, inspirerande og skapande folk som har lyst å gjere noko positivt for plassen dei bur på.

– Og tre knallgode grunnar til å flytte til Sogndal kommune?

  1. Sogndal er eit paradis for naturelskarar – puddersnø om vinteren, fjord og fjell om sommaren.
  2. I Sogndal er det alltid liv og røre – studentar, mange spennande arbeidsplassar og ei fjordbygd for ein kvar smak.
  3. Sogndal vil noko – folk er positive og bryr seg, om det er i Balestrand, Leikanger, Kaupanger eller Sogndal – eller i ei av dei nydelege småbygdene.

– Det er alltid behov for å jobbe saman med innbyggjarar, næringsliv og frivillige for å gjere lokalsamfunna der folk bur endå betre, og det vert hovudoppgåva til samfunnsutviklaren, avsluttar han.

Her kan du lese meir om stillinga. Søknadsfrist er 10. juni! 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.