GRS Riflestock er Årets Gründer 2015

Skriven 06.11.2015 under Nyheiter

GRS RIflestock er Årets Gründer 2015. Bedrifta frå Hornindal fekk stemmer frå over 30 land.

– Det er heilt overveldande. Eg hadde eit håp, men det er fantastisk å faktisk vinne, seier Oscar Haugen, dagleg leiar ved GRS Riflestocks.

Juryen og publikum var heilt samstemde, og begge hadde bedrifta som sin favoritt. GRS Riflestocks har også mobilisert kundane sine over heile verda, og verksemda mottok stemmer frå over 30 land.

– Vi har hatt ei grundig mobilisering, og vi set stor pris på alle som har stemt. Å få ein slik pris gjer at folk vert meir bevisste på kva vi gjer, noko som betyr mykje for oss.

GRS Riflestocks produserer ergonomisk tilpassa geværskjefte, og har hatt ein eventyrleg vekst dei siste fire åra. Haugen tok over foreldra sin møbelfabrikk i 2009, og i 2011 la han og broren om drifta til produksjon av geværskjefte Bedrifta omsette i fjor for 12,4 millionar kroner, og årets tal peikar mot 18 millionar. I dag leverer dei geværskjefte til 38 land over heile verda, dei har i dag 18 tilsette i bedrifta.

– Det er mykje hardt arbeid som ligg bak ei kvar gründerbedrift, og å få denne anerkjennelsen er stort, seier Haugen.

Fleire tusen stemmerPublikum har dei siste tre vekene kunne stemme på sin favoritt på Framtidsfylket sine nettsider, og over 3000 stemmer har kome inn. Publikum sine stemmer og juryen si vurdering er vektlagt like mykje i kåringa.

Juryen, beståande av Arvid Andenæs, adm. dir i Sparebanken Sogn og Fjordane, Hjørdis Vik, nestleiar i Innvoasjon Norge og Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket, har lagt følgjande grunngjeving til grunn for kåringa.

– Som ledd i eit generasjonsskifte har Årets Gründer synt evne til å omstille ei tradisjonell bedrift med ein lokal marknad, til ei offensiv og innovativ bedrift med betydeleg internasjonalt potensiale. Med eit krevjande utgangspunkt har dei gjort dette gjennom å kombinere lang og sterk handverktradisjon med kunnskap og interesse for ein heilt ny nisje.

– Årets Gründer 2015 har stabil økonomi og har fokus på verdiskaping i Norge, med ambisjonar om å skape fleire nye arbeidsplassar lokalt i åra som kjem. Dei er blant fylkets fremste entreprenørar. Geværskjefta frå Hornindal vert selt til jegerar i heile verda. Juryen og publikum er einige om at vinnar av Årets Gründerpris i Sogn og Fjordane 2015 er GRS Riflestocks AS.

GRS Riflestock får med seg 100 000 kroner tilbake til Hornindal.

– Alle pengane vil gå direkte til produktutvikling. Vi skal vidare, seier Haugen.

Nr 2 & 3

På 2. plass kom nLink, som får med seg 60 000 kr. 3. premien på 40 000 kroner kapra Førde-mannen Frode Steen for Smart Connect.

Nytt av året er at juryen også heidrar to gründerspirer –  verksemder i startfasen som ein bør følgje med i framtida. Vemund Eldegard bak hudpleiemerket Elde og teknologibedrifta Remb Technologies med Erlend Bjerck og Robin Madsen i spissen, fekk begge 20 000 kroner til å vidareutvikle sine bedrifter.

– I år vil vi heidre to bedrifter som er etablert av unge gründerar  – som imponerer oss gjennom kreativitet, pågangsmot og ikkje minst gjennomføringsevne. Vi håper at denne prisen vil motivere dei til vidare hardt arbeid – og ikkje minst håper vi at dei kan inspirere andre til å bli sin eigen sjef, seier Hjørdis Vik, avdelingsleiar i Innovasjon Norge.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.