– Gode leiareigenskapar må alltid ligge i botn

Skriven 19.07.2019 under Nyheiter

Sjølv vart ho tryggare i rolla som administrerande direktør etter leiarutviklingsprogram.

– Om ein skal få til omstilling og innovasjon på ein ønskeleg måte, må gode leiareigenskapar alltid ligge i botn.

Det seier Trine Lerum Hjellhaug i Lerum. Ho er kjent for å vere opptatt av god leiarstil, og veit at det viktigaste ho gjer er å legge til rette for å få fram det beste i dei tilsette.

– Berre då kan vi skape resultat saman. Motivasjon må den tilsette hente i seg sjølv, men eg kan legge til rette for trivsel og arbeidslyst. Det gjer eg med å vere open, inkluderande og tildele ansvar.

Bør vurdere eigen leiarstil

Ho meiner det er lurt å stoppe opp av og til og vurdere eigen leiarstil.

– Spør deg sjølv: Kven vil eg vere som leiar? Alle leiarar må ha ein plattform i botnen som dei trur på. Av og til må ein justere den litt, og gjerne gjennom openbaringar i eit kurs eller leiarprogram. Det fekk eg sjølv gjennom Solstrandprogrammet i 2013. Eg visste kva som var min filosofi, men lærte blant anna å vere meir observant og nysgjerrig på mine tilsette. Og så lærte eg meir om korleis eg verkar på andre gjennom kommunikasjon og kroppsspråk.

Sjølv om ho visste kva ho stod for, fekk ho fornya sjølvtillit.

– Innsikta og lærdommen i kurset gjorde meg tryggare i rolla og betre rusta for å stå i opp- og nedturar. Om du skal få med deg folk på endring og innovasjon, må du ha tillit blant dei tilsette. Det er faktisk viktigare enn å vere fagleg oppdatert.

Motsett trur ho ueigna leiarar kan føre til mistrivsel og dårleg arbeidsmiljø, noko som igjen kan påverke resultatet i ei bedrift.

– Då blir det fort laber innsats, ineffektivitet og dårlegare resultat.

Omstilling skapar frykt

Lerum jobbar kontinuerlig for å møte endring og omstilling.

– Vi må dagleg tilpasse oss marknad og nye forbrukartrendar. Eg likar eigentleg ikkje ordet omstilling, for det er eit ord som typisk skaper frykt. Vi jobbar heller kontinuerleg for å bli betre, og det har vi gjort i over 100 år.

Dyktige leiarar er bra for Sogn og Fjordane

På spørsmål om kva ho trur eit leiarutviklingsprogram tilpassa Sogn og Fjordane kan bety, er ho klar:

– Eg trur det er kjempeviktig! Både i Lerum og andre Sogn og Fjordane-verksemder er det typisk å rekruttere leiarar internt, og då treng ein påfyll. Det er ikkje nødvendigvis slik at sjølv om du er ein dyktig fagperson eller kan vise til gode resultat, så er du ein god leiar.

I eit rekrutteringsperspektiv trur ho det kan føre til at fleire blir i fylket.

– Om du trivst på ein arbeidsplass, får utfordringar og har det kjekt med dei du jobbar med, så er sjansane større for at du blir i jobben. Og det er vi heilt avhengige av.

Les meir om Leiarutviklingsprogrammet som startar hausten 2019.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.