Gloppen-bedrift lagar fender til Bård Ekers superbåt

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Strukturplast AS på Sandane i Gloppen lagar fenderen som blir brukt i superbåten Hydrolift SX-22, som vart vist fram på årets båtmesse "Sjøen er for alle".

Hydrolift er eigd av Eker Group som også omfattar sportsbilen Koenigsegg og Eker Design. Investoren bak selskapet, gründer Bård Eker, fekk mykje medieomtale i samband med forsøket på å kjøpe bilfabrikken Saab. Og det er til Hydrolift sin nye superbåt SX-22 (biletet) at Strukturplast på Sandane har vore med og utvikle og produsere fenderen.

Til avisa Firda seier dagleg leiar Henriette Møll:

– For oss er dette oppdraget først og fremst eit kvalitetsstempel, der vi viser at vi oppfyller dei strenge krava til fargar, lakkering og finish.

Fenderen er laga i polyuretan i fabrikklokala til Strukturplast. I år er målet å selje 15-20 båtar med denne fenderen.

– Eker Design og Hydrolift tok kontakt med oss for eit halvt år sidan. Dei hadde høyrt at vi var flinke på denne typen produkt. Dei sette seg på første fly til Sandane, og vi har stått for formbygging og utvikla prototypen i samarbeid med dei. Siste vekene har folk jobba døgnet rundt for å bli ferdige, seier Møll.

Strukturplast har også fått førespurnad om å lage ei fenderrekkje til ein 27-fotar frå fabrikken.

– Dette er eit stort prosjekt for oss, som gir millioninntekt alt i år, med potensial for tre-fire millionar neste år, men båtsalet er sjølvsagt avgjerande, seier Møll til avisa Firda.

Bård Eker sjølv skriv i ein epost til avisa at Strukturplast har dei kvalifikasjonar og kvalitetar selskapet hans er ute etter med omsyn til produksjon og leveransar. Han legg til at Strukturplast består av ein effektiv og hyggjeleg gjeng, som det har vore veldig hyggjeleg å samarbeide med så langt.

54e75f3bb86c70345f8b45ef

SUPERBÅT: Bård Eker sin båt Hydrolift vart lansert på båtmessa «Sjøen er for alle» på Lillestrøm. Her er f.v.: fabrikksjef Frode Lindvik i Strukturplast, produktutviklar og designer Espen Aunesen frå Eker Design, dagleg leiar Henriette Møll frå Strukturplast og gründer og investor Bård Eker. (Alle foto: Strukturplast).

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.