Geit, sau og bunad

Skriven 11.11.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

1500 ord om Sogn og Fjordane sett frå utsida.

I midten av oktober tok vi turen til Karrieredagen i Bergen i håp om å lokke unge vaksne til Sogn og Fjordane. Eit av dei eldste triksa i boka for å få folk til å besøke ein stand (sett vekk frå snop) er ein konkurranse med gode premiar. Så, vi køyrde konkurranse!

Oppgåva var enkel, og deltakinga var stor. Studentane fekk utlevert eit ark med bokstavar frå a til å. På kvar bokstav skulle dei skrive eit ord dei assosierer med Sogn og Fjordane. Med ei tidsramme på tre minuttar nådde stressnivået i Grieghallen nye høgder.

Sekundane på klokka tikka nedover, og orda blei i varierande fart foreviga på papiret.

Fjord, fjell, sjø?. «Kva heiter han der i P3 igjen»?, «Ålesund er i Sogn og Fjordane, sant»? «Er Sogndal den største byen»?, «Kor ligger Bergen»?

«Eitt minutt igjen».

«ÅH, shit. Det her klarar eg ikkje», sukkar ingeniørstudenten, med ei lita sveitteperle i panna. Arket er om lag halvfullt. Eller halvtomt, om ein vil.

 

Ålesund som fylkeshovudstad?

Resultata var som vi hadde frykta på førehand. Berre slått av Sogndal, som vart nemnd ti gongar, vart Ålesund (saman med Årdal) det andre mest nemnde stadnamnet i vår vesle «forskingsrunde». Med mindre Vestland står ovanfor ei ny fylkessamanslåing i løpet av dei neste åra, beheld nok den sunnmørske fiskarbyen statusen sin som største by i sitt eige fylke, Møre og Romsdal.

Til forsvar for stader som Førde, Florø og Nordfjordeid, hadde dei tøff konkurranse mot ord som etter resultata å døme var lettare å forbinde med Trivselsfylket. Til dømes «fjord», «fjell» og «natur» var populære val. Desse orda vart naturlegvis også dei mest nemnde, saman med «Malakoff». Ikkje uventa då det også var lokkebit for deltaking i konkurransen.

 

Kven set Sogn og Fjordane på kartet?

I biletleg forstand er det ein ung herremann, kjent for «å nyte d», som skil seg ut blant nemnde personar. Kjartan Lauritzen (Per Áki Sigurdsson Kvikne) blir lista opp sju gonger, og tronar øvst på kjendisskalaen i fylket. Det spørst om rapparen også har bidrege til at heimstaden Balestrand blir hugsa på i konkurransen.

Elles er bloggaren og nyleg skodespelar (!) Kristine Ullebø, og Ronny Brede Aase, kjent frå P3-Morgon (og ikkje minst benkeigar i Nynorskens skog i Førde), namn som dukka opp.

Det er tydeleg at studentane i Bergen ikkje er oppdatert på Nikolai Astrup, eller har vore deltakarar på den legendariske keeperskulen til Terje Skjeldestad i Sogndal. Med nye tider er det også tydeleg at det ikkje er Oddvar Torsheim som er den nye vinen blant studentane.

 

Geit og bunad

Så er det elefanten i rommet som står for tur. Ord som gjerne heng ved Sogn og Fjordane, og kanskje ikkje arbeider direkte i favør for å skape eit rykte som nyskapande og moderne.

Då ordet «geiter» er det 14. mest nemnde ordet av alle ord, ser det ikkje bra ut på papiret for oss som vil vise til yrande arbeidsliv med utvikling av software for robotar og smarthus. Trass i at ord som «bunad», «øde» og «utkant» også dukkar opp, er det ikkje det som gjer størst inntrykk.

«Innovasjon», «arbeidsmoglegheiter» og «næringsliv» seglar opp blant resultata. Det er godt å sjå at studentane ser potensial i mellom «fjell, dalar og fjord» når dei tenker på det som no skal bli ein del av Vestland.

Om ikkje det skal lokke dei, er det gode nyheiter for dei lokale bryggeria. Ordet «øl» var nemleg det sjuande mest nemnde ordet.

 

– Linda Hovland, dagleg leiar

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.