Frøydis Sæbø Steine

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Master i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen. Det er ei ganske brei utdanning, der eg har lært om alt frå korleis ein skapar økonomisk vekst i utviklingsland til offentleg økonomi her heime. I tillegg valde eg ein del fag innan forskning og analyse, noko eg meiner gjev utdanninga ei meir metodisk tilnærming.

Traineestilling

Stillinga mi i fylkeskommunen er innan statistikk og analyse. Vi arbeider på tvers av dei ulike avdelingane i organisasjonen, som utdanning, næring og samferdsle, noko som er veldig lærerikt. Eg er med på fleire spennande prosjekt og får arbeide med tema som folkehelse, næringsliv, handel, klima og mykje meir. I tillegg oppdaterer vi Fylkesspegelen, Sogn og Fjordane sin statistikkportal, og bistår kommunane med det dei måtte ha behov for av statistikk i sitt arbeid.

Difor søkte eg på traineestillinga

Traineeordninga til Framtidsfylket har vore kjent for meg i fleire år. Eg har høyrt mykje godt om opplegget og har heile tida tenkt at dette må vere ein perfekt start på arbeidslivet. Det stemmer på ein prikk hittil, så eg er veldig takknemlig for å ha fått moglegheita. Eg trur dette kjem til å bli eit veldig spennande år, og eg ser fram til å få utvikle meg både fagleg og personleg. Traineesamlingane er ein stor bonus, der vi får bli godt kjend med næringslivet i fylket. Samlingane er også ein kjempefin moglegheit til erfaringsutveksling mellom oss traineear, noko eg trur vil vere veldig verdifullt då vi alle er nyutdanna. I tillegg gler eg meg spesielt til å tilbringe mykje tid til fjells, både med og utan ski på beina!

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Det er ein drøss av spennande organisasjonar og bedrifter i fylket, både store og små. I dei litt mindre verksemdene trur eg ein får større ansvar og meir varierte oppgåver, noko som kan gje ein lærerik arbeidskvardag med mange moglegheiter. Fyrst og fremst vil eg gjere mest mogleg ut av året som trainee. Etter det får vi sjå kva tida bringer, men eg er sikker på at dette året vil gje meg gode moglegheiter til å få ein spennande jobb vidare, anten i fylkeskommunen eller ein annan plass. 
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.