Påmelding karrieremesse
Nve 768x576

Frå karrieremesse til fast jobb

Skriven 19.12.2017 under Nyheiter, Ukategorisert

Fire personar i NVE har fått fast tilsetjing etter å ha møtt arbeidsgjevar på Framtidsfylket karrieremesser. Idun frå Høyanger er ei av dei.

Idun Vefring tok direkte kontakt med Noregs Vassdrag- og Energidirektorat (NVE) i håp om at dei trengte geolog.
– Eg gjekk bort og spurde om dei hadde sommarjobb, seier Idun med eit smil om munnen.

Det var ikkje dumt, for søknaden hennar blei plukka opp frå bunken, og ho fekk tilbod om sommarjobb på kontoret i Førde. Ho trur det var avgjerande at ho torde å gå bort på standen deira i Bergen.
– Det var litt flaut å gå bort, men eg tenkte at eg måtte hoppe i det. Der fekk eg presentert meg og vist kven eg er. Dessutan er det lettare å stikke innom ei messe for å seie hei, enn innom eit kontor, påpeikar ho.

Etter sommarjobben gjekk ho innom karrieremessa i Bergen også året etter. Både for å møte andre spennande bedrifter, men også for å gå innom standen til NVE for at dei ikkje skulle gløyme ho.

Fagleg spennande og utfordrande

Det hadde dei ikkje gjort, og ho fekk også tilbod om sommarjobb året etter. Og slik gjekk det i tre år. Tre periodar med sommarjobb i NVE, og tre år med karrieremesser. Sommarjobben på tredje året gjekk etterkvart over til eit års-engasjement. Halvvegs inn i engasjementet blei det lyst ut ei fast stilling som planleggar hos NVE. Idun søkte, og ho fekk den.

Å jobbe på NVE-kontoret i Førde er fagleg spennande, og ein får vere med på mykje. Vi har krevjande oppgåver som utfordrar og utvikla meg. Det er også ei passeleg fordeling mellom kontorarbeid og feltarbeid, noko eg likar godt.

Vefring legg vekt på at ho gjennom heile prosessen har vore aktiv og har jobba for å bygge seg opp ein relasjon, noko som kan ha ført til at ho har sitt eige kontor i dag. Ho oppmodar andre til å gjere det same.
– Gå på messene, spør og ver engasjert. Det kan vere litt kleint, men det er viktig, avsluttar ho.

Glimt i auget er viktig

Regionssjef ved NVE i Førde, Brigt Samdal, er einig i at dette kan vere ein god måte å møte ein framtidig arbeidsgjevar på.
– Vi blir kjend med personar, og dei blir kjend med NVE. Relevant fagkompetanse blir høgt vektlagt, men dersom ein har vist interesse og engasjement under messene, kan det vere avgjerande for at søknaden blir plukka ut.

Sidan dei er ein statleg organisasjon må dei lyse ut alle stillingar, men Samdal legg vekt på at dei hugsar igjen personar dei møter på messene.
– Dei får presentert seg og dei får vist engasjement. Stiller dei spørsmål, har glimt i auge og har eit godt humør, er det sjølvsagt positivt. Mange viser til samtale under karrieremessene i søknadane sine, stadfester han.

Samdal seier at dei alltid har med seg to sommarjobbar til kontoret i Førde, og at dei både er på jakt etter nyutdanna og folk med erfaring.
– Det kjem an på kva type stillingar vi har ledig, men vi har gode erfaringar med begge deler. Mi er erfaring er at unge, nyutdanna er svoltne på faget, interesserte i jobben sin og legg ned ein ekstra innsats for å jobbe med sakene. Dei syns det er spennande med ansvar og få løyse oppgåvene på eigahand – med fagleg støtte om det er behov for det. Og så er det jo klart at det i nokre stillingar trengs personar med meir jobberfaring.

Bør førebu seg i forkant

Også dagleg leiar i Åsen & Øverlid, Finn Ove Øen, har god erfaring med å finne arbeidskraft på messene.

I 2016 møtte dei ein kandidat på karrieremessa i Bergen, som fekk tilbod om sommarjobb same året. Han er no i fast jobb i selskapet.

Øen oppmodar studentane til å gjere litt research i forkant av messene. Finne ut kven som er der, og kva jobbar dei kan tilby.
– Alle bedriftene som er på messene er interessert i arbeidskraft, så det handlar om å tørre å ta kontakt, vere konkret og stille spørsmål. Så kan ein heller sende inn cv og søknad i etterkant, avsluttar han.