Kmbergen201826 768x512

Flaug frå Oslo til Bergen for å møte Tibber

Skriven 15.02.2018 under Nyheiter

Frøya Thue (26) og Frida van der Drift Breivik (25) tok fly frå hovudstaden til Bergen for å møte bedriftene på karrieremessa i Bergen.

– Det er spennande å sjå kva som rører seg utanfor Oslo-gryta, og for meg framstår Sogn og Fjordane som eit fylke med mange flinke folk som satsar knallhardt. Det er veldig interessant, seier Thue.

Kvinnene er i gang med første året av mastergrada si innan tenestedesign på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Då Framtidsfylket gav Oslo-folket mulegheit til å få ein sponsa tur til Bergen, slo dei til.

– Til hausten skal vi i gang med masteroppgåve, og ein slik arena er perfekt for å finne potensielle samarbeidspartnarar. Førsteinntrykket mitt av Sogn og Fjordane er at ein lettare blir sett og får tidleg vere med på mykje, seier Breivik.

Mange besøkande
750 deltakarar og 250 standhaldarar deltok på karrieremessa i Grieghallen i går. Thue og Breivik var spesielt imponerte over Førde-bedrifta Tibber.

– Tibber er ei svært spennande og framtidsretta bedrift. Eg blir fascinert av menneske som klarar å sjå mulegheiter i marknaden som ingen andre ser, og som samtidig har ei så klar formeining om kva dei ønskjer å oppnå, seier Thue.

– Vi fekk vite at dei hadde endra onboarding 50 gonger allereie. Altså måten dei får kunden til å kople seg på produktet. Vårt studium handlar jo om nettopp dette, så det er klart at det er interessant å møte ei bedrift som tenkjer gjennom kundereisa på ein så profesjonell måte, legg ho til.

Frå 15 til 30
Gründer i Tibber, Edgeir Aksnes, hadde mange besøkande på standen, og kunne freiste med ei traineestilling innan marknad og kommunikasjon.

– Det viktigaste når ein skal bygge eit godt team er å finne ulike typar menneske, men som alle brenn for sitt fagområde. Traineen vi skal tilsetje er ein person som har stålkontroll på digitale kanalar, fortel han

Bedrifta har vakse frå ein til 15 tilsette i løpet av to år. Aksnes fortel at ei realistisk målsetjing er å doble talet dei kommande to åra.

– Vi ser etter folk som har ein råskap i seg. Dei som aldri blir nøgde, som alltid ser etter betre måtar å gjere ting på, og som ser løysingar der andre ser problem, seier Aksnes.

Det er første gang Tibber er traineebedrift og deltek på karrieremesser.

– Traineeordninga er ein utmerka måte å nå kandidatar ein normalt ikkje når, og karrieremessene gir ei god oversikt over det tverrfaglege mulegheitsbiletet i næringslivet. Ofte kjem folk parvis til Sogn og Fjordane, og då er det viktig å vite kva bedrifter som finst. Kombinasjonen er veldig bra, seier Aksnes.

Drømmescenario
Onsdag morgon går turen tilbake til hovudstaden for Thue og Breivik. Førstnemnde har røter i Sogn og Fjordane, men er oppvaksen i Bergen. I tillegg til spennande bedrifter, lokkar også natur og friluftsmulegheiter i fjordfylket.

– Det er jo eit drømmescenario at det er legitimt å møte seinare på jobb, dersom ein våknar ein morgon til puddersnø. Meir optimalt blir det vel ikkje, seier Thue.