Aretsgrunder2017stem1140x600 768x404

Her er finalistane til Årets Gründer 2017

Skriven 19.10.2017 under Årets Gründer, Nyheiter

Etter ein nøye gjennomgang har juryen no plukka ut fem gründerfinalistar. På lista finn vi ein turistattraksjon, eit rådgjevingskontor, eit landbasert oppdrettsanlegg, eit bølgjekraftverk og ein tareprodusent.

No er det opp til publikum å stemme fram kven dei meiner bør få med seg tittelen Årets Gründer 2017 og ein pengepremie på 100 000 kroner. Du kan stemme heilt fram til 30.oktober. Deretter vil juryen si vurdering og publikumsstemmene avgjere kven som blir Årets Gründer 2017. Vinnaren blir offentleggjort på Temposeminaret 3. november i Florø.

Årets Gründer er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Framtidsfylket, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge, og prisen blir i år delt ut for sjette gong. Juryen har i år bestått av Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle, dagleg leiar i kunnskapsparken og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Gå til avstemming

Finalistar 2017:

Loen Skylift

Loen Skylift er ein førti år gamal draum som endeleg har blitt realisert, til ståande applaus frå så vel verdspresse som kongehus, og ikkje minst dei langt fleire besøkande enn ein hadde turt å håpe på. Bana er ei av dei brattaste i verda og du kan reise frå fjord til fjell på fem minutt, opp til Hoven 1011 moh. Juryen har lete seg imponere over fylkets nye turistattraksjon i verdsklasse, og at prosjektet med hotelldirektør Richard Grov i spissen klarte reise over 140 millionar i eigenkapital til prosjektet.

Les meir om Loen Skylift

HydroWave i Måløy

HydroWave leverer eit komplett bølgjekraftsystem til kundar spreidd over heile verda. Selskapet har bakgrunn i Havkraft AS som sidan 2009 har testa og utvikla heile 27 patent knytt til bølgjekraftverk som skal kunne monterast på ei skipsside, og levere inntil 100 % av skipet sitt straumbehov.

HydroWave vart etablert i 2015, og er selskapet som skal ta seg av den kommersielle biten og levere dei komplette systema ut til kundane. HydroWave fekk sin første 3-årige utviklingskontrakt med reiarlaget Uksnøy i september i år, og ser eit stort potensiale for å levere grøn energi til både skip og andre installasjonar til havs, som til dømes oppdrettsmerdar.

Les meir om HydroWave

Sogn Aqua AS i Høyanger

Sogn Aqua AS har spesialisert seg på landbasert oppdrett av kveite i Høyanger. Dei har òg utvikla eige mobilt slakteri kor fisken går rett frå kaldvatnet over på is, noko som gir svært høg kvalitet og opna for at 80 % av fisken frå Slantevika går til ein svært betalingsvillig sushimarknad.

Då ideen kom opp for 10 år sidan var det mange som var kritiske til at djupvassfisk kunne trivast på land, men dagleg leiar Jan Brekke har stått på med krum nakke, og har knekt koden med å leie stabilt kaldt fjordvatn frå 100 meters djup opp til flate, grunne merdar i Slantevika.

Les meir om Sogn Aqua AS

Sødermann Rådgiving på Eid

Sødermann Rådgivning er eit analyse- og rådgjevingsselskap som leverer tenester til kommunal sektor. Rådgjevingskontoret oppstod i kjølvatnet av eit omstillingsprosjekt i Eid kommune, etter at helse- og sosialsjef Petter Sødermann utvikla ein svært fruktbar «nedanfrå-og- opp»-metodikk som gjorde om på tenkemåten i offentleg sektor, mellom anna gjennom kreativ bruk av «big data». Resultatet vart både kostnadskutt, betre tenestetilbod og fleire oppgåver og tilsette. Bedrifta med «Annleisrådgjevarane» i Nordfjordeid har no vakse til 19 tilsette, på berre fire år!

Les meir om Sødermann Rådgiving

Seaweed på Bulandet

Seaweed blei etablert i 2014 og dyrkar og produserer tareprodukt på Værlandet Bulandet. Plasseringa ytst i Sognefjorden med nærleik til Nordsjøen sikrar optimale forhold for dette her. Tare er ein kjent ingrediens i blant anna sushi, men vert ein stadig vanlegare ingrediens hos fleire og fleire restaurantar og kjøkken. Og det skulle berre mangle; tare vert kalla «naturens supermat» fordi det er sunt, berekraftig og velsmakande. Seaweed ser eit enormt potensiale for taredyrking i Norge, og har budd seg for å ta sin del av marknaden.

Les meir om Seaweed

Gå til avstemming