
Fem kjappe om GDPR i Framtidsfylket
Skriven 21.06.2018 under Nyheiter, Ukategorisert
Framtidsfylket tek personvern på alvor. Vi har alltid hatt kontroll i sysakene, så for vår del var det ikkje store endringar som måtte til før dei nye reglane trer i kraft 1. juli 2018.
- Våre endringar: Vi har lagt inn grense på lagring av informasjon på fem år. Då er det på tide å oppdatere CV-en din. Eventuelt slette den om du har funne draumejobben.
- Kvifor nye reglar? Dei nye reglane er innført for å sikre at brukaren får forståeleg og tilgjengeleg informasjon. Brukaren skal bli meir opplyst og vite kvar opplysningane vert lagra, kor lenge og til kva dei vil bli brukt.
- Kva opplysningar vert lagra? Vi lagrar informasjonen du sjølv legg inn då du opprettar brukarprofil på portalen vår. Det er fornamn, etternamn, e-post og telefonnummer.
- Kva blir informasjonen brukt til? Den vert brukt til å opplyse om karrieremuligheitene i Sogn og Fjordane. I det ligg det
- At bedrifter kan kontakte deg dersom du er aktuell for deira bedrift
- At vi ein gong i året kan invitere deg til karrieremessene i Bergen, Trondheim eller Oslo
- PS: Du blir ikkje automatisk påmeldt nyheitsbrevet vårt. Vi håpar likevel du ønskjer å abonnere for å oppdatere deg på det siste innan næringslivet i Sogn og Fjordane. Det kan du gjere på framtidsfylket.no.
- Meir informasjon: Les EUs nye personvernsreglar her: https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-skjema/nye-personvernregler/