Fekk draumejobb utan relevant utdanning

Skriven 25.06.2019 under Nyheiter

Natalia Anna Fonn (31) har alltid sikta høgt og aldri latt seg stoppe av at ho ikkje har høgare utdanning. Pågangsmotet gav ho draumejobben i Tibber.

– Eg prøver overtyde meg sjølv og andre om at utdanning ikkje nødvendigvis skal avgrense kva ein kan få til. Eg håpar arbeidsgjevaren er interessert i kven EG er og ikkje kva skule eg har gått på.

Natalia er opphaveleg frå Polen, men har budd store delar av livet på Toten. Kjærleiken lokka ho til Stardalen, og der er ho i dag gift med ein bonde og har tre barn. Frå før har ho helsefagutdanning, men har i yrkeslivet søkt mot andre fagfelt.

– Eg valde å bli mor tidleg og har i ein alder av 31 år fostra opp tre born. Skulle eg tatt høgare utdanning, måtte det blitt no. Det kunne eg gjort, men så var eg heldig og fekk tilbod om ein spennande jobb som eg ønsker å satse alt på.

Ville vere med på reisa

Gjennom media hadde ho følgt spent med på den eventyrlege reisa til gründerselskapet Tibber, gjengen som utviklar smart teknologi som senkar straumforbruket ditt. I tillegg var ho ivrig kunde og kjente produkta deira godt.

– Tibber er eit selskap med store visjonar, og det er umogleg å seie kor langt dei kan nå. Den reisa hadde eg veldig lyst til å vere med på. At mitt store forbilde, Petter Stordalen, er ein av investorane gjorde det ekstra interessant. Han er ein fantastisk motivator for oss utan høgare utdanning, og eit eksempel på ein kan få til alt her i livet!

Ein noko uvanleg søknad

Frå før hadde Natalia ein god jobb som administrasjonsleiar i ei byggebedrift.

– Der treivst eg godt, men samtidig freista det å sende ein open søknad til Tibber. Det virka som ein fantastisk arbeidsplass.

Ho tok sats, heiv seg rundt og forfatta ein noko uvanleg jobbsøknad til Edgeir Aksnes, CEO i Tibber.

– Eg skreiv at eg hadde det heilt fint der eg var, men at eg var svært nysgjerrig på Tibber, og at noko i meg sa at dette måtte eg berre forfølge. Om ikkje fekk eg ikkje fred.

Fekk telefon frå CEO

Så ringte Edgeir.

–  Han vart nok nysgjerrig tilbake. Hadde eg skrive ein typisk A4 søknad og i tillegg oppført null høg utdanning, hadde eg nok hamna nedst i bunken. Det handlar om å skilje seg ut og vise at du verkeleg vil ha jobben.

Telefonsamtalen leda til eit intervju, og intervjuet til ein ny prat.

– Vi møttes og hadde ein fantastisk fin prat, der han bekrefta mine tankar om kva Tibber var og korleis han var. Desto meir vi snakka, desto meir tenkte eg at dette ville eg vere del av.

Natalia Anna Fonn jobbar som kundekonsulent på Tibber sitt Førde-kontor i Peak Sunnfjord.

Tilbod om jobb

Nokre dagar etter hadde Edgeir og resten av teamet bestemt seg. Dei ville ha Natalia med på laget.

– Eg brukte ikkje eit sekund på å tenke meg om, men ropte JA! Vidare ringte eg mannen min og sa eg hadde fått tilbod om jobb i Tibber. Han spurte om eg ikkje ville tenkte litt på det, men då sa eg NEI, det er ikkje noko å tenke på, ler ho.

Ho er opptatt av at ein må tore å ta sjansar.

– Vi lever i Norge, velferdsstaten. Det verste som kan skje er at det ikkje fungerer og at du må tenke nytt. Ikkje sjå ned på deg sjølv fordi du ikkje har utdanning. Sjå heller kva potensiale du har og vis at du vil. Spør deg sjølv: Kva kan eg tilby og kva kan eg lære?

Skal bli dødsgod i jobben

 Etter ein månad i ny jobb, er ho strålande fornøgd med tilværet.

– Eg trivst utruleg godt som kundekonsulent i Tibber, og får jobbe saman med ein fin gjeng. Det er masse nytt, men eg har bestemt meg for å bli dødsgod i jobben. Eg masar og kjasar og har sagt til Edgeir at han må tole at eg spør litt. Eg skal jo bli best på dette, og då må han hjelpe meg litt på vegen, smiler ho.

– Eg vart nysgjerrig

Edgeir Aksnes har alltid ein stor bunke jobbsøknadar liggande. Han ser fort kven han vil bruke tid på.

– Natalia hadde meg på første setninga. Den var: Her vil eg jobbe! Det var nok til å skilje seg ut i bunken og fekk meg til å lese vidare.

Resten av søknaden var lovande og viste at Natalia verkeleg ville jobbe i Tibber.

– Eg likte innstillinga og tankesettet hennar. Vi leitar alltid etter dei som treff på fagfelt, men vel så viktig er det kva personen står for. Natalia var oppriktig interessert, og i kombinasjon med samtalane eg hadde med ho, fekk eg inntrykk av at ho var autentisk.

Om søknaden viser at du ikkje har utdanning, ser han etter andre ting.

– Då må eg vurdere andre punkt. Vi er opne for å vurdere alle, så lenge du har rette innstillinga. Det beste eg veit er folk som torer vere seg sjølv og viser lidenskap for det dei skal halde på med.

Lyst til å jobbe i Tibber? 

Sjå ledige jobbar her.  https://jobs.tibber.com/

Eller send ein open søknad til opportunity@tibber.com

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.