Få jobbsøknadar direkte i portalen!

Skriven 11.12.2018 under Nyheiter

Vi har utvida med «søk stilling»-knapp på stillingsutlysinga.

Det betyr at å lyse ut ledig stilling via Framtidsfylket har blitt meir effektivt. Når di verksemd opprettar ei ledig stilling, kan du huke av på «Bedrifta ønskjer å motta søknadar via portalen». Då får stillingsannonsen automatisk ein søk stilling-knapp. Så enkelt!

For søkarane betyr det at terskelen for å sende ein søknad blir litt lågare. No kan dei enkelt trykke på søk stilling-knappen, finne vitnemålet sitt gjennom Vitnemålsportalen, skrive søknaden direkte i portalen og trykke send. Dei får då ein mail om at søknaden er sendt – og det får du også!

Når du neste gang loggar på bedriftsprofilen din på framtidsfylket.no, trykker du på søknader i rullegardina og får full oversikt over søknadane som er sendt via portalen.

Alt samla på ein stad

Her kan du studere dei ulike søknadane, og det beste er at du har alt på ein stad. Både CV, vitnemål og søknadstekst ligg samla under kandidaten. Etter at du har lese søknadane, kan du sortere dei under «Avslått» og «til intervju» for seinare bruk.

Vidare er det opp til deg kven du vil kontakte og kalle inn til intervju! Og du – neste gong du treng folk, så ligg alle dei tidlegare søknadane der framleis.

Lukke til!

Her kan du opprette bedriftsprofil og publisere ledige stillingar. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.