Er Eid Elektro din neste arbeidsplass? 

Skriven 15.05.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

I eit samfunn med profittjag og stress, ønskjer Eid Elektro å vere motvekta og skape vekst forent med gode verdiar og lokal forankring. No er bedrifta på jakt etter deg!

Eid Elektro har nemleg fleire stillingar ute i jobbportalen vår. Kanskje er det noko som passar deg eller nokon du kjenner?

– Vi tenkjer ikkje krone og øre, men har fokus på å skape arbeidsplassar, utvikling av fagfolk, auke kompetanse og skape yrkesstoltheit i eit godt arbeidsmiljø, seier dagleg leiar, Ove Kjøllesdal.

Utvikling med sunt fokus i botn

Kjøllesdal kan fortelje om ei stor utvikling sidan starten i 1981. Sjølv med hovudsete på Nordfjordeid der dei driv med installasjon, tavleproduksjon og automasjon, har dei etablert montørbasestasjon i Syvde og på Stadlandet. Og dei har i tillegg ei avdeling i Bergen kor dei driv med tavleproduksjon. Vegen til målet har ikkje vore ein rett autostrade om ein skal tru den daglege leiaren.

– Vi er 100 prosent eigd av tilsette i firmaet. Vi har ikkje skodd oss på noko rik onkel i Amerika som kan ta ut pengar om det blir profitt, eller stikke av om det skulle gå dårleg. Vi har ikkje eit mål om å bli størst mogleg, men å bygge stein på stein. Utvikling av dei tilsette og la dei få ein sjanse til å påverke det som skjer kjem i første rekkje, seier han.

Samfunnsansvar resulterte i “Eldsjelpris”

Av 75 tilsette i bedrifta, har dei i gjennomsnitt 12 lærlingar innan fagfelt som elektrikar, automasjon og tavlefaget. Dette er lærlingar frå vidaregåande skule, men også vaksenlærlingar som gjerne er eldre personar eller personar som vil ta fagbrev nummer to. Sjølv om dei ikkje har rett skulegang, ønskjer Eid Elektro å utvikle dei til å kunne ta fagbrev. Dette har ikkje latt seg gå ubemerka hen og firma har fått mykje positive tilbakemeldingar for dette arbeidet.

I 2017 fekk dei tildelt NAV Sogn og Fjordane sin Eldsjelpris. – Den prisen er ein positiv erkjenning på  at vi ikkje berre tenkjer krone og øre, men at vi er flinke til å hjelpe folk tilbake i arbeid eller inn i arbeidslivet. Vi er blant anna opne for at flyktningar og andre personar skal få ein sjanse til å prøve seg i faget med oss, noko som er eit samarbeid vi har med selskapet In Via og som er vinn-vinn situasjon for både oss og samfunnet, forklarar Kjøllesdal.

Ovanfor: Statsministeren på besøk hos Eid Elektro. Nasir frå Sudan t.v. 
og Steve frå Sri Lanka t.h.

Avgjerande faktorar for å vere ein god arbeidsplass

– Vi ønskjer at alle som kjem inn i bedrifta skal kjenne seg velkomne. Dei blir godt introdusert til både firmaet og andre tilsette. Undervegs ser vi etter om dei er komne inn i gjengen og i det gode arbeidsmiljøet, noko som regel går veldig bra. Er dei nøgde og har det bra på arbeid, vil dei også prestere betre i arbeid og privat.

Skal ein tru Kjøllesdal er det ikkje berre god oppfølginga som gjer Eid Elektro til ein god arbeidsplass. Han påpeiker at dei har gode verdiar i botn, og tener godt på å ironisk nok ikkje ha eit fokus på å tene mest mogleg. Dei vil heller utvikle fleire sikre arbeidsplassar, skape fagarbeidarar og bygge stein på stein vidare.

 

Les også: Jobb, topptur og surfing på same dag

 

Vil utvide horisonten

Den daglege leiaren er klar på filosofien for framtida, og ønskjer å kunne fortsette å utvikle nye nisjar og område på ferda. Han ser til både tavleproduksjon, montering og service på mjølkerobotar som døme på nisjar dei har lukkast godt med, og ønskjer å finne andre område å bli gode på.

 

Lokal forankring

– Då vi designa eit nytt nødskap som ein kan sjå i mange tunnelar, tok vi i kontakt med lokale samarbeidspartnarar i Nordfjord. Vi jobba saman med Nomek, Fluor-Lux og Flo Brannsikring alle firma frå Stryn. Til slutt kunne vi tilby eit nødskap som vart eit reint Nordfjord-produkt og som vi har stor suksess for oss alle fire firma! No er vi blitt ein stor kunde hos Nomek i etterkant. Eg trur det er ein stor suksessfaktor for oss å vere ein god samarbeidspartnar og open for samarbeid begge vegar.

Ovanfor: Tre nøgde lærlingar som tok fagbrev i januar/februar i år, 
og vart tilsett som elektrikarar.

Vil du vere med på ferda vidare saman med Eid Elektro? Dei har dei fleire stillingar ledig som kanskje er midt i blinken for nettopp deg:

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.