Er du ny banksjef i Luster Sparebank?

Skriven 10.03.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Oddstein Haugen blir pensjonist til hausten, og dermed ser Luster Sparebank etter ny banksjef. 

Skal ein tru dei tilsette og den avtroppande sjefen sjølv, er det ein draum å jobbe i Luster Sparebank. Lene Fuhr Sandvik har jobba i sparebanken i snart elleve år, og er ein av dei som gler seg til å komme på jobb kvar dag. I dag er ho leiar av sal og marknad.

Moglegheiter for utvikling

– Eg var ikkje ferdig med utdanninga mi då eg begynte i sparebanken. Her har eg fått tatt utdanning medan eg jobba, og gått gradene i sparebanken. Vi kallar det ein “bank-familie”. For meg er dette verkeleg familie nr. 2, seier Lene.

Latter og openheit

For leiaren av sal og marknad er det eit privilegium å få jobbe i den vesle banken i Luster. Ho kan fortelje om latter i gangane og svært god stemning mellom ho og kollegaene.

– Vi har eit utruleg godt arbeidsmiljø. Det er latter, mykje prat mellom oss og ikkje minst openheit. Vi stolar veldig på kvarandre. Her kan vi snakke om alt mogleg saman, om både tunge og glade ting. Elles har vi goder i treningstilbod, hytte på Beitostølen, spinning og mykje meir, forklarar ho.

Kven vil dei tilsette ha som banksjef?

Lene og kollegaene peiker på fleire faktorar som er avgjerande for trivsel på arbeidsstaden.

– Ei viktig sak for oss, er at vi framleis kan vere med å påverke prosessar og avgjersler som blir tatt. Det å føle at ein blir høyrd, er svært avgjerande for arbeidsmiljøet og moralen. Vi kjenner eigarskap og større engasjement når vi blir høyrd. Vi ønskjer oss ein person som ser kvar enkelt som jobbar her. Sjølv som vi ønskjer at den nye banksjefen er autoritær, vil vi fortsatt ha noko vi skulle sagt, seier ho.

Viktig framgang

Oddstein Haugen ser tilbake på tida si som banksjef og kva endringar som har kome med åra.

– Då eg starta, var det mange eldre som jobba her. No er vi blitt ein fin miks av både kvinner og menn med eit godt spenn i alder. Vi var tidleg ute med ei fleksitidordning, noko som mellom anna har vore nyttig for småbarnsforeldre, fortel banksjefen.

Han legg til at dei også er opptekne av utvikling og kompetanse, og peiker på Lene som eksempel då ho ikkje var ferdig utdanna endå då ho begynte i banken.

Hyllar arbeidsmiljøet

Ifølge Oddstein er det viktig med dyktige menneske i banken. Dette er ein av grunnane til at dei legg til rette for at dei tilsette skal få lov til å utvikle seg.

– Eg har ein fantastisk interessant og spennande jobb med flinke medarbeidarar. Eg trur vi blir lagt merke til som ein god arbeidsstad med godt miljø. Vi har mange som vil jobbe her når vi lyser ut stillingar, seier han.

Moglegheit til å påverke samfunnet

Sjølv om den avtroppande sjefen gir seg i banken, har han ikkje tenkt å leggje seg på latsida som pensjonist. Han vil mellombels ikkje røpe planane sine, men utelukkar ikkje at han blir å sjå andre stader som til dømes styreleiarverv. Han ser likevel på som sin noverande jobb som ein utmerkande arbeidsstad med eit viktig samfunnsoppdrag.

– Det skjer alltid noko her. Vi er ein liten lokalbank, og i min jobb må du vere involvert i dei fleste ting. Du vil få jobbe med dyktige menneske. Desse må du ha eit godt samarbeid med, saman med både styre og kommune. Elles er det eit strengt lovverk som må følgast, og det er derfor viktig å vere oppdatert på lovar og reglar, forklarar Oddstein.

Banken har mange spennande arbeidsoppgåver, ifølge sogningen. Ein vil få moglegheita til å påverke samfunnet, gi gåver, støtte lokale prosjekter og aktivitetar.

 

Kanskje er det nettopp du som er riktig person til å ta over stafettpinnen frå Oddstein? Då burde du sende inn søknad HER.
Søknadsfrist er 15. mars.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.