Er du Framtidsfylket si nye eldsjel?

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Framtidsfylket er på jakt etter ny medarbeidar med eit brennande engasjement for Sogn og Fjordane. 

– Ein utadvent, kreativ og samarbeidsorientert person som er levande oppteken av framtida til Sogn og Fjordane må ikkje nøle med å sende meg ein søknad, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan.

Ho er no på utkikk etter ny kollega og lagspelar i vidare-utviklinga av fylket sitt eige verktøy for jobb og rekruttering.

Ny nettside

Den ledige stillinga som marknad- og kommunikasjons-medarbeidar inneber arbeidsoppgåver som marknadsføring, planlegging og gjennomføring av Framtidsfylket sine ulike aktivitetar. Vedkommande vil og få ansvar for Framtidsfylket.no.

Framtidsfylket AS

  • Framtidsfylket AS er Sogn og Fjordane si merkevare for å synleggjere og profilere mangfaldet av interessante jobbmoglegheiter i fylket.
  • Kjerne-  elementa i dette arbeidet er nettportalen  Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
  • Selskapet jobbar på eit overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.
  •  Framtidsfylket AS vart stifta i 2008 på initiativ frå traineear i fylket. I dag er det totalt 25 verksemder(både offentlege og private) som eig selskapet.

– Vi har nett satt i gong arbeidet med fornying av nettportalen, noko som vil by på mange kreative og meiningsfulle arbeidsoppgåver framover. Her får vedkommande sjanse til delta i utforminga av Framtidsfylket si viktigaste plattform, seier Rukan.

Foredla potet?

Framtidsfylket si primære oppgåve er å profilere karrieremoglegheitane i fjordfylket, og formidlingsglede erviktig for stillinga.

–  Det er ein fordel med utdanning eller erfaring innan marknadog kommunikasjon, men framfor alt ser vi etter den rette personen for selskapet. Med ein arbeidstokk på berre to personar må ein vere innstilt på å vere litt ”potet”.

– Ein treng ikkje heite ”Beate” eller ”Kerrs Pink”, men eg vil gjerne jobbe med ein omgjengeleg og foredla ”potet” som kan dekke våre behov, humrar Rukan.

 

Les meir om Framtidsfylket

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.