Enorm interesse for Framtidsfylkets traineeordning!

Skriven 03.12.2018 under Nyheiter

Fersk høgskule- og universitetskunnskap er ettertrakta. Også Norec søker nyutdanna.

Laurdag 1. desember lanserte Framtidsfylket heile 30 ledige traineestillingar i Sogn og Fjordane. Tilsetjingsprosessen startar våren 2019 med jobbstart i august.

– Næringslivet i Sogn og Fjordane viser stor interesse for traineeprogrammet vårt, og vi ser at fleire jaktar it- og teknologikompetanse. Arbeidslivet er i rask endring, og dei fleste bransjar må ta stilling til digitalisering. Vi har også mange andre spennande fagfelt på lista, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Ho meiner det er eit godt signal at så mange vil tilsetje ein nyutdanna i bedrifta.

– Det viser at bedriftene ønsker å satse og at dei vil ha fersk kompetanse inn. Det er ikkje berre store, etablerte verksemder som vil ha trainee, det er også oppstartsbedrifter og grunderar som satsar.

Femten år med traineeprogram

I 2018 gikk programmet inn i sitt femtande år, og rundt 185 nyutdanna har til no deltatt i ordninga, som er Norges største regionale traineeprogram.

– Det er ei blanding av folk med og utan tilknyting til fylket. Vi jobbar med å kartlegge kor mange av dei som framleis bur og jobbar i Sogn og Fjordane, og håpar og trur vi kan presentere positive resultat.

Norec ny på lista

Norec, tidlegare Fredskorpset, er for første gong på lista over traineebedrifter.

– Det er alltid kjekt med nye bedrifter, og vi har fleire nykommarar i år. Spesielt spennande er det at Norec, som er nye i fylket, vil vere med. Magekjensla seier at det vil bli ei ettertrakta traineestilling, seier Hovland.

Norec garanterer utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Avdelingane jobbar med ei rekke ulike utviklingsprosjekt i 25 land, og traineestillinga er tenkt å sirkulere litt i avdelingane, samt vere ei støtte for leiargruppa.

– For oss er det heilt supert å få inn nyutdanna rett frå skulebenken, for det perspektivet har vi ikkje no. For å jobbe her må ein ha internasjonal arbeidserfaring. Ei traineestilling er jo ingen garanti for fast jobb, men det gjer vedkommande betre rusta til internasjonale jobbar i neste runde, seier Jan Olav Baarøy, direktør i Norec.

Sjå traineestillingane her og søk no!

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.