Emil Saue

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Emil Saue, 26 år i frå Stord. Har fire år med økonomiutdanning i frå Augustana University i Sioux Falls, SD. På fritida står eg på ski når eg kan, går i fjellet når da frister, og skyr ikkje eit bad ute i det fri. I blant sleng eg meg på sofaen og søker tankelaus underholdning.

I kva bedrift er du tilsett?
Er trainee hos Highsoft, og bur i Vik i Sogn.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Eg forelska meg i Sognefjorden etter to år i Sogndal. Ein kompis, som no har blitt kollega, tipsa meg om traineeordninga og stillinga hos Highsoft. Resten er historie.

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
Eg er litt fun. Eg har enormt store sko, er ein middelmådig gitarist, og har delt ein sigarett med Aune Sand.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.