Ein revolusjon for helsebransjen – no treng dei nye tilsette

Skriven 20.11.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Etter ei lang tid med utvikling og testing, er endeleg Norse Feedback klar for å ta produktet sitt ut på marknaden. For å gjere dette, treng dei fleire gode hovud på laget!

 

Norse Feedback er eit tilbakemeldingssystem innan helse, og er tilpassa digitale plattformer. Med eit ønske om utgjere ein stor forskjell, er dei i ferd med å nå sine hårete mål. Frå å kunne tilsette på ein hand, håper dei no på å vekse seg til å bli eit tosifra antal i den nye fasa som dei går inn i. Frå før av har dei også tre spesialistar knytta til seg.

 

Fagleg og sosialt miljø

Fire av dei fem noverande tilsette finn du på klyngekontoret PEAK Sunnfjord i Førde. Det er også her dei ønsker at dei nye tilsette skal vere. Her held det til andre spennande teknologibedrifter og rådgivande krefter. Skal ein tru stemmer frå både PEAK og Norse Feedback sjølv, er det ein utruleg spennande stad å ha arbeidskvardagen sin.

– Det er godt å vere ein del av noko større i PEAK Sunnfjord, forklarar dagleg leiar i Norse Feedback, Joachim Vie. Han legg til at dei ser fram til å få fleire på plass i løpet av den komande tida. 

 

Ovanfor: Det er ikkje alltid vêret er like bra, men stemninga på PEAK Sunnfjord er alltid det.

 

Vil vekse på riktig vis

– Frå å vere eit selskap som har brukt tida på å ferdigstille produkt, går vi no over i ein fase kor vi treng nokon som kan vere salssjef. Vi har to hovudmarknader som vi skal inn i, og ser dermed at det fort blir nødvendig å tilsette to salssjefer på kvart sitt område, seier Vie.

 

Vidare fortel Vie at dei også treng nokon som kan drive med opplæring til dei som skal ha produktet, og dei treng nye utviklarar då dei skal gjere produktet enda betre og kanskje prøve å nå andre marknadsfelt. På same tid vil dei trenge supporteneste og dermed er det også ei ny stilling det er behov for.

 

Her er dei seks fulle stillingane som Norse Feedback treng tilsette i:

 

 

Vil du bli ein del av ei oppstartsbedrift med rikeleg av aktivitet, klare for å satse på eit viktig produkt? Nøl ikkje med å sende inn søknad då fleire av stillingane har kort søknadsfrist. Kanskje blir du ein del av Team Norse?

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.