Ein arbeidskvardag med utsikt

Skriven 17.04.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Varierte dagar, god innsikt i eige selskap, og eit godt arbeidsmiljø er noko av det beste med å jobbe i Stryn Energi. No vil dei tilsette to til i den energiske gjengen.

Vi har det kjekt på jobb. Her har vi ein open tone der alle får sagt si meining, seier Knut Gunnar Ulvedal, som er prosjektingeniør i selskapet.

Lagspelar søkjast

No søkjer dei etter ingeniør eller sivilingeniør med bakgrunn frå el-kraft og energimontør i fast stilling eller vikariat.

I begge stillingane ser vi etter folk som likar å få ting til saman med andre, og kommunisere godt med dei rundt seg. Samtidig er systematikk viktig. Ein må ha sansen for å bruke nye tilgjengelege verkty (software og så vidare).

Må trivast ute

Den eine stillinga som er ledig er som «montør». Ei stilling for den som likar å vere ute i all slags vêr.

Det er mykje friluft for dei som likar å vere ute. Ein jobbar jo då i eit glansbilete av fjord, fjell og vakker natur. Det er neppe feil, seier han.

Ein spennande arbeidskvardag i vakker natur. Foto: Stryn Energi

Potet

Stryn Energi er eit lite selskap med 22 tilsette.  At selskapet ikkje er blant dei største meiner han er positivt.

Det gjev oss moglegheiter til å gje dei tilsette eit godt innblikk i heile spekteret av oppgåver bedrifta har, ikkje berre smale ansvarsoppgåver. Vi står også ovanfor eit generasjonsskifte på ingeniørsida, så her er det store moglegheiter for meir ansvar etter kvart, seier han.

 

Kommuneutvikling skapar moglegheiter

Han forteller at det skjer mykje spennande i Stryn for tida. Kommunen er i vekst, og det vert fokusert på utbygging av hytter, og vidare utbygging for turisme og anna næringsliv.

Vi er fleksible og veldig bevisste på at vi er til for kundane våre. Både dei som held til i Stryn, men også andre stader.

Foto: Stryn Energi

Noko for alle

For dei som er glade i naturen, er Stryn eit eldorado utan like.  Kommunen har eit godt utbygd fritidstilbod og mykje sosialt liv.

Her er det fantastiske moglegheiter til å nytte den flotte naturen både sommar og vinter. Nydelege turløyper, klatremoglegheiter, og ikkje minst ski, som Stryn er kjent for langt utover kommunegrensene. Ein god stad å jobbe og bu, avsluttar han.

Hugs å søke innan 20. april.

 

Ikkje noko for deg? Sjekk ut alle andre stillingane som ligg på portalen vår.

Eller legg inn CV-en din! Så kan arbeidsgjevar finne deg.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.