Eg flyttar heim!

Skriven 23.10.2009 under Karriereprat

Sjølv om eg har trivest godt som student både i Trondheim og Bergen var det aldri tvil: eg skal flytta heim!

Og slik blei det. Etter tre år som student ved Høgskulen i Sør-Trøndelag pakka eg bilen og vende nasen heimover i juni i år. Heime venta kjærasten, venner og familie, men også ein anna viktig ingrediens: jobb! Eg var blant dei heldige i min klasse som hadde ein jobb å gå til ved skuleslutt. Jobben eg no har starta i er ikkje ein ”vanleg” jobb, men eit engasjement som trainee hjå Lerum i eit år. Som trainee meinar eg at eg får ein flott start på arbeidslivet, med mentor på arbeidsplassen, oppfølging frå Framtidsfylket og nettverk og erfaringsutveksling med andre traineear i fylket. Som plomma i egget altso.

Å skaffa seg ein jobb med mi utdanning i ei bygd på størrelse med Sogndal treng ikkje vera lett. Sjølv med to store produksjonsbedrifter og ein avdeling av Mattilsynet i bygda er det lenge mellom kvar gang det blir utlyst stillingar som passar min kompetanse. Dette var i tankane mine då eg søkte sommarjobb hjå Lerum etter første året på skulen. Dette var ein måte å bli kjend med  bedrifta frå innsida, samtidig som Lerum blei kjend med kven Ingrid er. Etter to år som sommarvikar på laboratoriet, fekk eg i starten på 2009 tilbod om traineestilling frå august av, og sommarjobb på lab’en i juni og juli. Ettersom eg har trivest så godt på Lerum og eg ville flytta heim, var det ikkje vanskeleg å takka ja til det tilbodet!

Eg er tilsett i avdelinga for Forsking, utvikling og kvalitet, ein avdeling som har 8 medarbeidarar, men gjennom prosjekt og daglege gjeremål har eg mykje kontakt med dei andre avdelingane. Hjå Lerum fekk eg raskt spennande oppgåver og utfordringar. Seinsommaren gjekk med til å førebu den årlege BRC-revisjonen. Revisjonen er ein årleg gjennomgang og godkjenning av Lerum sitt system og kontroll for produksjon av trygg mat. BRC er ein standard som kombinerer kvalitetsledelse, hygiene og matvaretryggleik og har fokus på bygningsmessige forhold og produksjonsprosessar. Lerum kom i år som i fjor godt ut og fekk beste karakter og A-sertifikat!

Lerum produserar (som dei fleste her i fylket forhåpentlegvis veit) både syltetøy, saft, jus og brus, sjølv om brusproduksjonen no er redusert til dette eine produktet: JULEBRUS! Årets produksjon er allereie godt i gang. Alt for tidleg vil mange seie, men slik er det i alle fall. Julebrusen med stor J er altså sikra =) Eg har i haust klart å halda meg unna julebrusen, som eg i mange år ikkje har smakt på før desember har banka på døra. Men med tilgang på fersk, bringebærraud, sprudlande og freistande brus frå produksjonsbandet kan det i år halda hardt. Men foreløpig altså: sjå, men ikkje røre.

Overgangen til arbeidslivet har gått fint. Det er godt arbeidsmiljø i Lerum og mykje trivelege folk, eg blir godt teken vare på. Litt annleis er det likevel å vera i jobb i forhold til studentlivet… Eg er heldig og har fleksitid og kan slik styra dagen til ein viss grad, men korte skuledagar og lange feriar vil eg nok sakna etter kvart… Likevel er det fint å jobba, ha fri på ettermiddagen utan dårleg samvit for pensum som skulle vore lese eller oppgåver som skulle vore løyste før eksamen. Helgane kan eg òg disponera fritt, utan bøker, pensum og deltidsjobb. Denne jula skal eg pynta og baka til jul, noko eg ikkje har hatt tid til dei siste åra, sidan eksamen og eksamenslesing tidlegare har oppteke store deler av desember. Eit lite skår i gleda er at det då  ikkje blir eksamensfestar….

Fritidsproblem har eg ikkje hatt etter heimflytting. I sommar kjøpte eg og kjærasten ein stor, gamal sveitsarvilla med stort potensiale og mykje sjel (les: behov for oppussing). Ettermiddagar og helgar vil ei lang stund framover gå med til oppussing og planlegging av heimen vår. Dei stundene som ikkje blir brukte i huset er det heller ikkje problem å fylla, då gamle og nye vennskap og hobbyar skal pleiast og familie og slekt forventar besøk. Sjølv om tilbodet av kultur og fritidsaktivitetar er mindre i Sogndal enn i Trondheim, er det nok å finna på for den som vil. Skiturar i velkjende, bratte fjell med urørt puddersnø blir nok eit av høgdepunkta i vinter!

Vidare fram mot jul skal eg bruka ein del tid på eit prosjekt med fokus på bær og bærkvalitet. At råvarene frå Sogn har god kvalitet fekk me bekrefta då Lerum sin ’Eplejus pressa av eple frå Sogn’ fekk tredjeplass i kåringa av vestlandets beste eplejus. Eplejusprodusentane i Sogn gjorde reint bord i konkurranse med Hardanger da dei tok heim dei seks første plassane.Eg har smakt eplejusen vår, og den kan varmt anbefalast!

Ha ei FRUKTbar veke!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.