DU kan delta på vår første digitale jobbmesse

Skriven 11.06.2020 under Nyheiter

Uansett kor du er i verda: 16. juni kan du møte ti bedrifter frå Sogn og Fjordane på virtuell stand. Kanskje endar du opp med ny jobb?

Fleire av bedriftene er godt i gang med å «rigge» sin digitale stand til Framtidsfylket si aller første digitale jobbmesse. Det vil seie at dei fyller standen med informasjon om arbeidsstaden, ledige stillingar, link til sosiale medium og elles det du må vite for å bli kjent med bedrifta.

16. juni mellom kl. 12.00 og 15.00 er dei tilgjengelege online for spørsmål og videosamtale.

Om du sit i Bergen, Aurland eller Tyskland, i hagen, sofaen eller på fjellet, har ingenting å seie, så lenge du har registrert deg. Allereie no kan du gå inn og sjekke ut bedriftene. Alle er velkomne til å delta, og du vel sjølv om du berre vil kike litt rundt eller chatte med ei interessant bedrift, forklarar Marie Tefre Birkeland, kommunikasjonsrådgjevar i Framtidsfylket.

Desse bedriftene stiller med virtuell stand

– Du kan møte eit variert utval bedrifter som ser etter folk innan ulike felt, blant anna it, økonomi, administrasjon, forretningsutvikling og meir. Nokre av bedriftene har også med seg traineestillingar. Om du ikkje har planar for hausten bør du sjekke ut desse Traineestillingane. Traineeprogrammet  byr på jobb i ei bedrift i Vestland i eitt år, fleire sosiale- og faglege samlingar, utanlandstur og personleg utvikling, seier Marie.

Cecilie Nordback Reinertsen i Hansen Technologies jaktar teknologhovud på jobbmessa.

Hansen Technologies deltar med fire ledige stillingar

Ei av bedriftene som deltar på den digitale jobbmessa er Hansen Technologies. Cecilie Nordback Reinertsen stiller på standen, på jakt etter fire nye teknologhovud.

– Eg har ikkje deltatt på digital jobbmesse før, men har hatt fleire intervju over nett.

Ho føretrekker å møte jobbkandidatar ansikt til ansikt, men ser at det kan vere praktisk med digitale jobbmesser.

– Det er menneske vi treng, menneske som har energi og som gir energi. Derfor trur eg ikkje digitale møteplassar vil erstatte ansikt til ansikt-intervju i framtida. Men med kontor fleire stadar i landet, har vi ofte digitale intervju og ser fordelen med det.

Ho ser etter to Technical Support Analysts, éin Senior Delivery Manager og éin Project Manager. For å gjere inntrykk på den digitale jobbmessa, er det lurt å sette seg inn i bedrifta og stillingsutlysinga.

– Om du viser at du har forstått kven vi er og kva krav vi har til stillinga, samt framhevar kvalifikasjonar som gjer at du raskt vil komme i gang i jobben, vil du merke deg ut, avsluttar ho.

Lyst til å delta?  Registrer deg her, så sjåast vi på Digital jobbmesse 16. juni.

Messa blir arrangert i samarbeid med jobbmesse.no

Delta på digital jobbmesse – Framtidsfylket

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.