Desse søker nye kollegaer

Skriven 20.06.2019 under Nyheiter

Fleire bedrifter i Sogn og Fjordane treng nye folk på laget til hausten.

Foto: Norsk Landbruksrrådgiving

Sjeldan sjanse! Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er den største landbruksfaglege rådgjevingsorganisasjonen på Vestlandet. I Sogn og Fjordane er det ledig fast stilling for Rådgjevar frukt- og bærdyrking og Rådgjevar grovfôrdyrking med arbeidssted Leikanger eller Sandane. Hugs å søke før 30. juni!

Maritime Montering as held til i trivelege lokale i Bygstad og er marknadsleiande innan innreiing av skip og rigg. Dei søker Prosjektleiarar som kan ta seg av prosjekt i inn- og utland med nødvendig reiseverksemd.

Åsen & Øvrelid er blant dei største entreprenørbedriftene i Sogn og Fjordane, med omfattande oppdrag innan offentleg og privat sektor. No ser dei etter ein Prosjektleiar som kan syte for å dra ulike byggeprosjekt i hamn på ein god måte. Arbeidsstad er Førde.

Flåm as legg til rette for reise og mektige opplevingar og er no på jakt etter Booking- og produksjonssjef. I Flåm vert du del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar med verdiane Ekte – Spektakulær – Gjestfri – Kompetent!

Er du ein positiv, fagleg engasjert og utviklingsorinetert arkivar som likar utfordringar og tar ansvar innan eit fagområde i rask utvikling. Då kan du godt søke på stillinga hos Lotteri- og stiftelsestilsynet som Utviklingsorientert arkivar.

Sparebanken Sogn og Fjordane styrker satsinga på informasjonssikkerheit, og søkjer etter ein IT Sikkerheitssjef (CISO). Dei er også på jakt etter Marknadskonsulent Digitale kanalar. 

For å bygge robotar som revolusjonerer byggeplassen, treng Nlink i Sogndal å utvide sitt knallgode team med ein dyktig Programmerer/utvikler. Om du vil vere del av eit spennande fagmiljø saman med Rocketfarm, må du hugse søke før 28. juni!

Minner også om at INC-gruppen og Sogn og Fjordane fylkeskommune har lansert mange ledige stillingar, og at Førde kommune treng både kokk, lærar, sakshandsamar og ny kollega ved helsestasjonen.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.