Desse søker nye kollegaer!

Skriven 29.11.2018 under Nyheiter

Det har dukka opp ei røys med ledige stillingar i Sogn og Fjordane.

Vi begynner med gjengen i Intin. Dei går av med sigeren på årets kulaste stillingstittel, nemleg: smarthusentusiast. Om du er ein «Early adaptor» med kunnskap om smarthusteknologi, brukargrensesnitt, API, IT og automasjon, er dette jobben for deg. Dei ser også etter ny dagleg leiar, og vi har høyrt rykter om at det snart dukkar opp ei traineestilling hos dei.

Ønsker du å jobbe for ei bedrift som er stor nok til å kunne kalle seg verdsleiande innan sitt felt? Med klima og miljø høgt oppe på agendaen? Sjekk ut Brødrene Aa sine to ledige stillingar:

Lyst til å bu ved kysten?

I Bremanger kommune, kan dei no tilby litt forskjellig:

I øykommunen Solund ser dei etter både helsefagarbeidar, psykolog og helse og omsorgsleiar. 

Førde Kommune leitar etter ein spesialpedagog/PP-rådgjevar ved PPT for Indre Sunnfjord .Dei har også fleire ledige stillingar ved bu- og avlastingstenesta.

Aurland kommune har ledig to faste stillingar som sakshandsamar i barnevernet med søknadsfrist 9. desember.

Lyst til å jobbe i Lotteri- og stiftelsestilsynet? Dei ser etter ein rådgjevar/seniorrådgjevar som kan tenke seg å jobbe med saksbehandling.

Fleire ledige stillingar finn du her. God jobbsøking!

Nyutdanna og lyst på ei traineestilling? Laurdag 1. desember lanserer vi 30 traineestillingar i Sogn og Fjordane. Følg med!

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.