Der andre ser hinder, ser Elise ei opning. Det førte til sommarjobb.

Skriven 25.06.2020 under Nyheiter

Då Elise Silden (22) presenterte ideane ho hadde for å nå unge tilflyttarar, vart det vanskeleg for Måløy Vekst å seie nei.

– Eg har alltid meint at det Måløy Vekst held på med er interessant. Samtidig har eg tenkt at det er ei bedrift eg kan passe inn i, humrar ho.

Derfor tok ho kontakt med utviklingsselskapet for å overtyde dei om at ho kunne gjere ein god jobb. Med korona som bakteppe visste ho at det var små sjansar for napp.

– Dei hadde eigentleg ikkje tenkt å tilsette nokon, men vart interesserte då eg presenterte ideane mine. Det viste seg at vi tenkte likt rundt rekruttering, og at eg kunne bidra med kompetansen min.

Etter ei veke med tenketid ringte Måløy Vekst og tilbydde sommarjobb.

– Utruleg kjekt, seier ho entusiastisk.

Må vere der dei unge er

Elise la fram kva Måløy Vekst kan gjere for å nå unge og potensielle tilflyttarar. Ho har nettopp levert bacheloroppgåve om kampanjeplanlegging i studiet PR og marknadskommunikasjon på BI.

– Med det friskt i minne var eg gira på å få til noko. Eg er opptatt av at ein må vere der målgruppa er, til dømes på Instagram eller TikTok for å møte dei unge.

Ho meiner sosiale medium er viktige kanalar i jobben med å skape vekst i Måløy.

–  Eg ønsker å synleggjere heile pakka ved hjelp av sosiale medium. Ikkje berre næringsliv og jobbar, men også aktivitetar, fritidstilbod, natur og menneska som bur her. Eg vil skape innhald som kan inspirere, engasjere og vekke interesse for Måløy. Målet er at fleire får kunnskap om kva som finst her.

Elise

Ønsker ei haldningsendring

Elise er ein ivrig ambassadør for Måløy, og meiner det må ei haldningsendring til når det kjem til kva ein kan få til i kystbyen.

– Det er lett å tenke negativt når ein ser på folketalsnedgang og fråflytting. Eg pleier å snu på det og seie: Lat oss heller få til noko kult her! Okei, så har vi fråflytting, men då er det i det minste plass til deg, familien og ideane dine her. Saknar du noko? Skap det sjølv! Sjå til dømes på turnhallen som snart opnar i Måløy. Den er skapt av sterk vilje til å få til noko.

Ho oppmodar venner og kjente til å sjå opningar og ikkje hinder når dei vurderer å flytte til Måløy.

– Om noko manglar betyr jo det at her finst moglegheiter. Ikkje tenk at kommunen skal ordne alt, men prøv å fikse ting sjølv. Du kan faktisk skape din eigen arbeidsplass her.

– Slik som du gjorde?

– Ja!

Mange vil tilbake

I tillegg til å synleggjere kva Måløy har å tilby, bidrar ho på eit rekrutteringsprosjekt i Måløy Vekst.

– Mange står på vippen og vurderer å flytte heim til Måløy. Eg opplever dei fleste som positive til å flytte heim, men at dei er usikre på om det er gode nok jobb- og aktivitetstilbod her. Eg må innrømme at eg sjølv har vore usikker når det kjem til karriere.

Kor vegen går etter sommarjobben er usikkert for Elise.

– Eg har søkt vidare studie, men vil helst jobbe eit år for å finne ut kva retning eg skal gå i. Aller helst vil eg ha ein relevant jobb her i Måløy.

Vi har fem ledige traineestillingar. Les meir her.

 

Fiske i Måløy

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.