Delta i Framtidsfylkets fotokonkurranse!

Skriven 08.07.2020 under Nyheiter

Merk sommarbilda dine med #framtidsfylket, og du er med i fotokonkurransen vår. Premien? Den bestemmer du.

Vis oss sommaren din

Vi har lyst til å sjå sommarbilda dine frå vakre Vestland. Vi vil sjå:

  • Svalestup og mageplask
  • Kuleis og kulemage
  • Solnedgang og pøsregn
  • Blomstereng og gyllevogn
  • Hoppebilde og på-ratata-bilde
  • Turglede og turfrustrasjon
  • ….Eller det som er sommar for deg!

Du vel premien

Og her kjem det beste: PREMIEN! For den vel du nemleg sjølv. Vi sponsar ei oppleving eller ein aktivitet i Vestland med inntil 2000,- kroner. Kanskje vil du bruke den på ei fantastisk matoppleving på ein av våre restaurantar, til dømes Aske gatemat og bryggeri ? Kombiner eit bærekraftig fjordcruise på Hardangerfjorden med besøk på sidergardar. Kva med ei luftig oppleving med Zipline i Flåm? Eller ei spektakulær og vill overnatting i elvasuiten på Jølstraholmen?  Kanskje vil du oppleve Broadway-stemning i haust og sjå Mannen frå La Mancha i Operahuset Nordfjord? Leige Stand up paddlebrett  i Skjolden og utforske Lustrafjorden? Fristar det med yoga i nydelege omgjevnader i Oldedalen i Blue mountain hall? Eller torer du å hoppe i det og teste Juving med Fjord Active?

Blue mountain yoga

Blåfjellshallen: I Oldedalen finn du truleg verdas vakraste yogastudio. 

Blir du den heldige?

Lista er lang over kva du kan finne på i Vestland, og kanskje blir du den heldige? Hugs å merke bilda dine med #framtidsfylket på Instagram og Facebook i sommar. Vinnaren blir annonsert i slutten av august på Framtidsfylket si Facebook-side og på Instagram.

Juving er ti gongar kjekkare enn å reise i badeland. Og kanskje litt skumlare? Fjord Active tilbyr  adrenalinfylte aktivitetar i det fri. 

Aske

Aske Gatemat og Bryggeri står heilt klart på lista over restaurantar verdt å besøke i Sogn og Fjordane. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.