Dei regionale trainee-programma gir gode resultat og knuser myte

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter, Trainee

Kompetansesenter for distriktsutvikling har fått evaluert dei regionale trainee-programma. Rapporten syner at ordningane har positiv effekt for dei som er høgt utdanna, for samarbeid mellom bedrifter og for omdømmet til regionane som er med.

– Det er særleg interessant at dei utan tilknyting til staden eller regionen meiner dei har hatt størst utbytte av trainee-programmet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (biletet t.h.).

– Rapporten syner tydeleg at dei som lukkast best med å få traineeane til å bli buande, har blikket retta mot kompetanse, og ikkje berre på heimflyttarane. Denne oppdaginga er verdt å ta med i ”flytte hit eller flytte heim”-debatten, seier statsråden.

Dette stemmer godt med strategien til Framtidsfylket – Karriere i Sogn og Fjordane, og Framtidsfylket Trainee som heile tida har hatt mest fokus på å kople høg kompetanse og bedrifter.

– Evalueringa styrkjer mykje av det vi allereie veit. Betre jobbmulegheiter gir meir tilflytting, og regionale traineeordningar er effektive verkemiddel, seier Navarsete.

– Dette er oppløftande funn, og viser kor viktig det er å få fram relevante kompetansearbeidsplassar i heile landet og sikrer vekst i næringslivet, seier kommunalministeren.

Godt verktøy for integrering

– Rapporten seier og at traineeprogrammet er godt eigna til å integrere nye innbyggjarar. Gjennom programmet blir dei kjende med andre i same situasjon, med næringslivet og offentleg sektor i regionen. Ei av dei viktigaste årsakene til at folk flytter vidare er at nykommarar ikkje blir integrert i lokalsamfunnet. Integrering av nye innbyggjarar er eit tema eg vil ha særskild merksemd på i året som kjem. Det er viktig for å sikre rekruttering av kompetente medarbeidarar og vekst i heile landet, seier Navarsete.

Evalueringa knuser inngrodd myte

Distriktssenteret plukka ut ni ulike program som har eksistert i alt frå tre til ti år, spreidd over heile landet. Framtidsfylket Trainee i Sogn og Fjordane er eitt av desse. Forskarar frå Ideas2evidence har etter intervju med dei daglege leiarane av programma, arbeidsgivarane, dei som støttar programma økonomisk, og noverande og tidlegare traineear skrive rapporten ”Bosettingsvirkninger av regionale traineeprogram”.

– Det er dei utan tilknyting som meiner dei har hatt størst utbyte av programmet. Ei myte som blir knust er at det er lettare å rekruttere ungdomar attende til heimtraktene. Rapporten syner tydeleg at dei som lukkast best med å få traineeane til å bli, har blikket retta mot kompetanse, og ikkje på heimflyttarane, seier seniorrådgivar ved Distriktssenteret, Anne-Peggy Schiefloe.

– Denne oppdaginga er verdt å ta med i ”flytte hit, eller flytte heim”-debatten. Ein skal lytte til traineear som har oppfatninga om at i Oslo er det gode karakterar som gjeld, medan det viktigaste i distrikta er om du har røter der.

Undersøkinga syner at over halvparten av traineeane har vakse opp i dei aktuelle regionane der dei er traineear.

Rett nok er det mest sannsynleg at dei som har vakse opp i regionen og/eller har partnar frå regionen blir buande, men det kjem òg fram at blant dei som ikkje hadde tilknyting til regionen, blir over halvparten verande. Erfaringar under traineeperioden blir oppgitt som ein viktig grunn til å bli buande.

Jobb viktigaste for høgutdanna

– Undersøkinga styrkar mykje av det vi alt veit; betre jobbmulegheiter gir meir tilflytting, og at regionale traineeordningar er effektive verkemiddel. Nettopp fordi dei er målretta mot den mest mobile gruppa av menneske; dei som har jobb som viktigaste bu – og flyttemotiv, fortel Schiefloe.

Forskarane vurderte om ordninga lukkast i å rekruttere unge med høg kompetanse til bedriftene, om bedriftene fekk relevant kunnskap, og om ordninga førte med seg andre gode.

Fleire mulegheiter som trainee 4 av 5 fekk tilbod om jobb etter at traineeperioden var over. 67 prosent vart buande, men denne prosenten går ned noko i løpet av nokre år. 73 prosent fortel at årsaka til at dei takka ja til tilbodet om å vere trainee, var at dei då fekk prøve seg i fleire bedrifter.

Omdømme viktigare enn kompetanse

Over 60 prosent av bedriftene meiner at deltaking i prosjektet var positivt for omdømmet deira. Det var god marknadsføring hjå høgt utdanna, og dei meiner det vil gjere det lettare for unge å busetje seg i regionen. Mange fortel at dei ikkje har ressursar til å drive med omfattande marknadsføring åleine, men at det er lettare i samarbeid med andre, og at det er knytt liten risiko til rekruttering på denne måten.

71 prosent av traineeane, både nykommarar og lokale, fekk eit meir positivt inntrykk av bedriftene og organisasjonane i ordninga, enn dei hadde før dei vart ein del av dei.

Positivt for regionen

Dei involverte meinte ordninga gir mange positive ringverknader i regionen. 62 prosent av bedriftene fortel at traineen har bidrege med nye idear og innovativ tenking, gjennom til dømes igangsetting av nye prosjekt. I tillegg er det par tilfelle der kompetansen til traineen i møte med lokale bedrifter har ført til etablering av nye verksemder. For 32 prosent av bedriftene har det å bli kopla saman med andre bedrifter i regionen, ført til vidare samarbeid.

Samarbeid opnar for fleire søkjarar4 av 5 bedrifter i undersøkinga har erfart at samarbeid med andre bedrifter om rekruttering gjer det lettare å fange interessa blant unge med høg utdanning. – Dei har fått tilgang til ein langt større og annleis søkjarmasse enn dei ville ha fått på eiga hand. Offentleg og private aktørar har gjensidig nytte av søkjarmassane, seier seniorrådgivar Schiefloe.

Held fokuset oppe Det årlege inntaket av traineear fører til kontinuerleg fokus på rekruttering av kompetanse generelt og ung kompetanse spesielt. Det fører også til at tema som innovasjon, bulyst og regional utvikling ikkje forsvinn frå agendaen i ulike fora.Traineeprogramma er godt eigna til å integrere nye innbyggjarar. Gjennom programmet blir dei kjende med andre i same situasjon, med næringslivet og det offentlege apparatet i regionen. Ei av dei viktigaste årsakene til at folk flytter vidare er at nykommarar ikkje blir integrert i lokalsamfunnet.

Fakta om traineeprogramma

Bakgrunnen: Dei regionale traineeprogramma starta ut frå behovet for å gjere noko med den store kompetanseflukta frå distrikta.

Samarbeid på tvers: Bedrifter og offentlege institusjonar gjekk saman for å gjere regionen sin meir attraktiv for unge med høg utdanning.

Tilbodet: Dei tilbyr nyutdanna kortvarige jobbar i tre bedrifter lokalisert i same region, i tillegg til eit fagleg og sosialt program. Denne pakka skal gjere det interessant å flytte til eller bli buande i regionen.

Unikt for Noreg: Det har ikkje lukkast å finne tilsvarande ordningar, med det regionale perspektivet,  i andre land.

Først for Noreg: Trainee Innlandet, var først ute, i 1999. Eit samarbeid mellom bedrifter i Hamar-området med mål om å hente attende ungdom som var flytta til universitetsbyane for å ta utdanning.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.