Coast Seafood søkjer trainee innan it

Skriven 09.07.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Om det skulle vere nokon tvil – ja, eg vil definitivt anbefale eit år som trainee, seier Håvard Midtun Stangeland.

–  Arbeidskvardagen min i Coast Seafood har verkeleg innfridd forventningane mine. Sidan eg starta i august i fjor har eg fått vere med på spennande prosjekt, og lært ein heil del om ein av dei største næringane i Norge, seier Håvard Midtun Stangeland (27).

Han har nettopp bytta ut traineestillinga med fast stilling i selskapet.

Fast tilsett: Håvard Midtun Stangeland (27) har nyleg takka ja til fast jobb i selskapet.
Foto: Coast Seafood

Sjå heile stillingsutlysinga her

Heile verda som arbeidsplass

Coast Seafood er eit spennande og utfordrande selskap som seljer sjømat frå Norge til 400 kundar verden rundt. Konsernet har rundt 200 tilsette fordelt mellom kontora sine i Måløy, Bergen, Haugesund, Tromsø, Oslo og Boston (USA).

No har selskapet snudd seg rundt og lyst ut endå ei traineestilling – denne gongen innan it.

Personen får jobbe med ulike arbeidsoppgåver, alt frå drift av klientar til strategisk utvikling av framtidas løysingar.
–  Vi ser etter ein strukturert og sjølvstendig person som trivast med ein hektisk arbeidskvardag, kor ein dag sjeldan er lik den neste. Det er viktig med gode kommunikasjonsevner, serviceinnstilt haldning og at ein er fleksibel.

Sjå heile stillingsutlysinga her

Stangeland skildrar eit godt og ungt miljø i Coast, og meiner oppriktig at det er ein god plass å arbeide.

–  Dei satsar på nyutdanna, og dei to siste åra har dei tilsett til saman ni trainear, både gjennom Framtidsfylket sitt program og Seafood Trainee. Av årets trainear fekk alle tilbod om, og takka ja til fast stilling, som tyder på at dei gjer mykje riktig for å få traineane til å trivast.

Sosialt miljø: Dei tilsette har det kjekt både i og utanfor arbeidstid. Her på Hornelen i Bremanger. Foto: Privat

Få kan konkurrere

Stangeland kjem frå Sandnes i Rogaland, men ser klare fordelar med å ta flyttelasset sitt med til Måløy.

Unike naturmoglegheiter i området som surfing i Hoddevika og skisesong til langt ut i sommarmånadane på Strynefjellet er verkeleg ein stor bonus med å bu og jobbe her. Om ein likar fjord og fjell, er det ikkje mange plassar i Norge som kan konkurrere, seier han.

Vidare fortel han om ein aktiv gjeng på kontroet som er mykje saman også utanom arbeidstid.

– Vil du ha nokon å surfe med før jobb, eller gå topptur med etter jobb, får ein sjeldan nei.

Overraskande bra

Han skildrar traineeåret som svært givande på fleire måtar, og oppmodar dei som ønsker seg ein knallstart på arbeidslivet om å søke.

–  Traineeprogrammet til Framtidsfylket har gitt meg ein fin introduksjon til fylket, og eg har sikra meg eit nettverk av interessante og trivelege menneske frå ulike bransjar og bedrifter. Eg har også blitt positivt overraska over mangfaldet og kvaliteten i næringslivet her i fylket. Om det skulle vere nokon tvil – ja, eg vil definitivt anbefale eit år som trainee, avsluttar han.

 

Om du er gira på jobb i Coast, men ikkje passar inn i ei traineestilling, har du sjansen her. Dei har nemleg ledig stilling som Executive assistant.
Søknadsfrist 15. august!

 

Delta i Framtidsfylkets sommarkonkurranse – du bestemmer premien!

Karriereprat: Tidlegare trainee: «Søk! Du kjem ikkje til å angre»

 


Jobbsamling: Det sosiale er svært viktig for å trivast i ein jobb. Nettopp dette er Coast Seafood svært gode på. Foto: Privat

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.