Påmelding karrieremesse
17361924101583609272500524041276785563247888n 768x512

Årets julegåve frå Sogn og Fjordane: 25 spennande traineestillingar!

Skriven 01.12.2017 under Nyheiter

Årets julegåve frå Sogn og Fjordane: 22 spennande traineestillingar i 16 bedrifter!

– I år er det 25 spennande stillingar, og fagområda spenner frå internasjonalisering og kommunikasjon til etnologi og finans, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan.

Dei siste tre åra har Framtidsfylket mottatt over tusen søknader til traineestillingane, og er no blitt Norges største regionale traineeprogram.

– Programmet er blitt svært godt kjent på studiestader i Norge, det ser vi på søkjarmassen og når vi snakkar med deltakarane på karrieremessene. Når 75 prosent av søkjarane kjem utanfrå Sogn og Fjordane, veit vi at vi når langt ut med stillingane våre.

Sjekk ut dei 25 traineestillingane her

 Nye traineebedrifter
Framtidsfylket Trainee går no inn i sitt 15 år, og 160 traineear har vore gjennom programmet. Blant årets 16 bedrifter som lyser ut stillingar, har tre av dei aldri hatt trainee før. Tibber, Gloppen kommune og CrediCare er nykommarar på bedriftssida.

– Traineeordninga er ein unik inngangsport til arbeidslivet, og difor svært attraktivt for nyutdanna. Dei kjem inn i eit program med ei skreddarsydd stilling, og dei får eit nettverk frå dag éin. Den kollektive marknadsføringa og merksemda ein får av å lyse ut så mange stillingar samtidig, gjer at bedriftene får søkjarar som normalt ikkje ville oppdage deira stillingsutlysingar. Det er ein klar fordel, seier Rukan.

Det er første gong at kommunar lyser ut stillingar gjennom Framtidsfylket.

– I offentleg sektor har vi hatt med fylkeskommunen, fylkesmannen og lotteri- og stiftelsestilsynet i ei årrekkje, men det er først no at kommunane også hiv seg med. Det er veldig kjekt at også dei har oppdaga kva mulegheiter ordninga byr på, seier Rukan.

Frå heile landet
Årets kull på 27 traineear er det største kullet i Framtidsfylket si historie. Traineeane kjem frå Hedmark, Møre og Romsdal, Rogaland, Hordaland, Trøndelag, Akershus, Sogn og Fjordane og Tyskland.

– Årets kull måtte vi dele i to grupper, så det blir spennande å sjå kor mange bedrifter som treff med sin kandidat i år. Svært ofte bli fleire bedrifter med i ordninga over nyttår, så det kan også oppstå gode overraskingar for dei nyutdanna heilt fram til søknadsfristen 1. mars, seier Rukan.