Bli traineebedrift 2019/2020

Skriven 20.11.2018 under Nyheiter

Har bedrifta di behov for friske tankar og fersk kompetanse?
Bli traineebedrift i Sogn og Fjordane sitt eige traineeprogram.

Sogn og Fjordane har eit stort mangfald av karrieremoglegheiter, men få er klar over kva som finst her. Sidan 2004 har vi jobba målretta med å synleggjere verksemder og rekruttere arbeidskraft gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram. Over 150 traineear har vore med i programmet, og mange av dei får fast jobb og blir i fylket.

Dei beste kandidatane

Gjennom traineeordninga får bedrifta di tilført ny kompetanse på bachelor- eller masternivå innan ønska fagområde. Vi marknadsfører traineestillingane breitt over heile landet for å sikre deg dei beste kandidatane i søkarbunken. Tidlegare traineebedrifter seier at traineane gav dei friske tankar og omsetningsauke , i kullet 2017/2018 vart 24/27 trainear verande i Sogn og Fjordane og i 2017 fekk vi over 1000 søknader til årets traineestillingar. Ordninga tiltrekker seg kandidatar med høg kompetanse, gir god integrering og auka tilflytting til fylket, og vi er stolte over resultata som vi saman skapar.

Ønskjer di verksemd å ha trainee i 2019/2020?

Kontakt dagleg leiar i Framtidsfylket Linda Hovland: linda@framtidsfylket.no  eller ring 990 17 852 for meir info.

Frist 29. november 2018.

Om traineeordninga

Framtidsfylket Trainee er eit velrennomert og viktig verkemiddel for å synleggjere Sogn og Fjordane som ein spennande stad å jobbe og bu. Å vere traineebedrift gjer bedrifta ettertrakta blant nyutdanna jobbsøkjarar. Ei traineebedrift tilbyr unge arbeidstakarar ei «krydra», spesialsydd stilling og deltaking i eit større nettverk med likesinna frå andre verksemder. Det gir eit fortrinn i kampen om dei beste kandidatane.

Kva inneber det å vere traineebedrift?

I korte trekk: Bedrifta tilbyr eitt års tilsetjing for nyutdanna med bachelor- eller masterutdanning innan ønska fagområde. Det er som regel stor variasjon i fagkompetanse og utdanningsbakgrunn blant traineeane. Traineeprogrammet går over eitt år, frå august til august. Tilsettingstidspunkt er som regel august same år, men det kan variere noko. Intensjonen er å tilby traineeane fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode, men dette er valfritt.

Vilkåra for å bli trainee:

  • maks tre års arbeidserfaring
  • bachelor- eller masterutdanning
  • beherske norsk munnleg og skriftleg

Kontakt

Linda Hovland

Dagleg leiar
Tlf: 990 17 852
E-post: linda@framtidsfylket.no

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.