Bli med på talentjakta

Skriven 20.11.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Nyare forsking viser at ein av dei viktigaste rekrutteringsstrategiane er å bygge opp relasjonar til kandidatar som ikkje er aktivt på jobbjakt.

Mange er villige til å bytte arbeidsgjevar dersom dei får eit interessant tilbod. Bli med på karrieremessene våre for å sikre deg nye talent i di bedrift.

Trondheim, 27. januar

Nytt av året er at messa i Trondheim er lagt til Gløshaugen (NTNU), på dagtid. For å sikre at flest mogleg studentar får arrangementet med seg, riggar vi oss like godt opp der studentane faktisk oppheld seg.

Midt i smørauget

Det heile startar med eit frukostseminar med fem flinke foredragshaldarar som har fått i oppgåve å overraske, imponere og inspirere studentane som sit i salen.

Vi har booka eit stort område i Realfagsbygget. Bedriftene er strategisk plassert der alle studentane som skal til og frå førelesning vil passere, rett utanfor ei av kantinene på skulen. For å sikre fleire fagfelt har vi leigd inn «innhentarar» som skal stå på dei andre andre fakulteta og lokke folk over til standområdet.

Middag med gullkandidatane
Når ein står på stand dukkar det ofte opp personar ein kunne tenke seg ein nærare prat med. Dette vil vi gjerne legge til rette for. Framtidsfylket kjem derfor til å leige eit lokale i Trondheim sentrum, der (førehandspåmeldte) bedrifter kan invitere med seg sine gullkandidatar.

Vi kan lokke med hyggeleg stemning, god mat, og noko godt i glaset. Bedriftene betalar for seg sjølv, vi spanderer middagen på gullkandidatane.

Bergen, 4. februar

Vi held på suksessoppskrifta med eit kveldsarrangement i Grieghallen til neste år også. For å sikre god tid til prat med framtidige arbeidstakarar har vi lagt opp til minling og stands heile kvelden. Vi riggar ei scene i standlokalet for korte foredrag gjennom kvelden.

Framtidsretta etterfest
Etter karrieremessa tek vi oss ein velfortent pust i bakken. Som vanleg fiksar vi eit hyggeleg lokale i Bergen sentrum. Her står god mat, erfaringsutveksling og nettverksbygging i fokus. Vi håpar at alle vil bli med på dette.

Fokus på miljø


I år vil vi oppmode bedrifter til å droppe «giveaways» på messene våre. Av erfaring ser vi at konkurransar er svært populært blant studentar og at det skapar eit stort engasjement rundt standane. Kvifor ikkje arrangere ein konkurranse med ei oppleving frå Sogn og Fjordane som premie?

Marknadsføring


Vi jobbar kontinuerleg med marknadsføring av messene i alle våre kanalar. Ein viktig del av den jobben er å presentere bedriftene som blir med oss til studentbyane. Eit variert utval bedrifter gjer messene enno meir attraktive for dei forskjellege fagfelta som finst rundt om. Jo tidlegare bedriftene melder seg på, jo meir får vi marknadsføre kvar enkelt bedrift.

Nytt av året er eit tettare samarbeid med studentorganisasjonane i Bergen og Trondheim. Blant anna sender vi i Trondheim ut invitasjon til arrangementet via ein student-app. Om vi brukar studentane sine eigne kanalar er vi sikre på å nå ut med informasjonen til store delar av målgruppa vår.

Hugs også å marknadsføre di bedrift i forkant av messene!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.