Møt din neste arbeidsgjevar på årets karrieremesser

Skriven 13.01.2017 under Nyheiter

Snart går startskotet for årets karrieremesser, og næringslivet i Sogn og Fjordane kjem til Trondheim, Oslo og Bergen for å møte nettopp deg. Har du meldt deg på?

Karrieremessene i Trondheim, Oslo og Bergen er blitt ein fast møteplass mellom næringslivet og potensielle tilflyttarar til Sogn og Fjordane. I 2016 hadde karrieremessene over 1200 besøkande, og vi håpar at minst like mange vil ta turen i år.

Årets messer er på følgande datoar:

Trondheim: 26. januar kl 17-21 på Scandic Lerkendal

Oslo: 2. februar kl 17-21 på Ballroom

Bergen: 15. februar kl 17-21 i Grieghallen


Oppdatér profilen din!
I vekene før karrieremessene brukar mange bedrifter aktivt CV-databasen for å sjekke ut potensielle arbeidstakarar. Nytt av året er at bedriftene også får tilgang til påmeldingslistene til messene. Bedriftene får på den måten direkte tilgang til CV og profil hos dei messedeltakarane som har registrert dette. Det er difor særs lurt at du oppdaterer CV-en din og ikkje minst melder deg på karrieremessa du kjem på. På denne måten aukar du dine sjansar for at potensielle arbeidsgjevarar finn nettopp deg. Dette gjer du på miside, eller på framsida.

Vinn festivalpass
Alle messedeltakarar som har meldt seg på, er med i trekkinga av to festivalpass frå Våt Moro. Du må vere til stades under trekkinga for å kunne vinne.

Møt traineebedrifter
Visste du at 7 av 21 av fjorårets traineear møtte arbeidsgjevaren sin på karrieremessene? Messene er ein unik arena for å treffe bedriftene i ein uformell setting. Fleire av bedriftene tek også speedintervju der og då, for å danne seg eit inntrykk av potensielle arbeidstakarar.

Aldri før har vi hatt fleire traineestillingar. 25 spennande stillingar i 21 bedrifter. Sjekk dei ut!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.